Hopp til innhald

Fagstoff

Melde ei klientmaskin inn i eit domene

For at domenekontrollaren (AD) skal kunne styre einingar i nettverket, må dei vere tilknytte/innmelde i domenet. I denne artikkelen viser vi korleis du kan gjere dette med ei Windows 10-klientmaskin.
Påloggingsskjerm når «Other user» er vald. Brukaren «nilnil» har skrive inn passord og freistar å logge inn på domenet «LAB». Skjermbilete.

Tidlegare har du sett opp domenekontrollar, DNS-server og DHCP-server på serveren og laga brukarkonto i domenet. Neste steg er då å melde inn ei klientmaskin og teste at du kan logge på med brukarkontoen frå domenet.

Start med å logge inn på klientmaskina di. Du loggar inn med den lokale administratorbrukaren du laga under installasjonen.

Set eit fornuftig maskinnamn

Logg inn på klientmaskina og bruk den alternative startmenyen (høgreklikk på Windows-ikonet nede i venstre hjørne). Vel «System».

Skroll ned til du finn valet «Rename this PC».

Skjermvindauge med tittelen «Rename your PC». Det viser eksisterande maskinnamn og har eit felt for å skrive inn eit nytt namn. Det er skrive inn «klient1», og musepeikaren er over «Next»-knappen nede til høgre. Skjermbilete.

Skriv inn eit enkelt namn på maskina.

Trykk «Next» når du er ferdig. Du får no spørsmål om du vil restarte maskina for å ta i bruk det nye namnet med det same. Vel «Restart now», og la klientmaskina starte på nytt.

Etter omstarten kan du sjå i «System»-vindauget igjen for å sjekke at maskinnamnet er blitt endra.

Meld klientmaskina inn i domenet

I Windows 10 er det to ulike stader der vi kan endre innstillingane til maskina: kontrollpanelet (Control Panel) og innstillingar (Settings).

Kontrollpanelet (Control Panel) har vore med i alle Windows-versjonane, og dei fleste justeringar kan gjerast der. Innstillingar (Settings) er nytt med Windows 10 og er enklare sett opp og meir brukarvennleg. Dessverre manglar enno noko innhald for at innstillingar (Settings) fullverdig skal kunne ta over for kontrollpanelet.

Trykk på Windows-ikonet i nedre venstre hjørne av skjermen (eller søkjefeltet ved sida av).

Skjermvindauge med tittelen «Control Panel». Det viser to rader med store ikon. Kvart ikon er for ein kategori med innstillingar. Skjermbilete.

Skriv inn «Control Panel» (eventuelt «kontrollpanel» om operativsystemet er på norsk).

Då får du opp det tradisjonelle kontrollpanelet.

Oppe i høgre hjørne kan du skru over frå kategorivising til små eller store ikon. Vel det som passar best for deg.

Vel «System» frå lista. Du vil no få opp systeminformasjon. Nede til venstre under seksjonen for «Computer name, domain and workgroup settings» trykkjer du på «Change settings».

Skjermvindauge med tittelen «System». Det viser systeminformasjon. Nede til høgre under overskrifta «Computer name, domain and workgroup settings» er musepeikaren over lenkja «Change settings». Skjermbilete.

Eit vindauge med tittelen «System Properties» vil no kome opp. Her trykkjer du på knappen «Change …» som er ved sida av teksten «To rename this computer or change its domain or workgroup, click Change».

Skjermvindauge med tittelen «Computer name / Domain Changes». Det har eit felt der ein kan endre maskinnamn, og ein radioknapp for å skru på tilknyting til domene. Rett under er det eit felt der ein kan skrive inn domenenamn. Det er skrive inn «lab.lan». Skjermbilete.

Trykk i feltet «Domain:» i vindauget som kjem opp, og skriv inn domenenamnet som du har for oppsettet ditt.

Trykk «OK» for å gå vidare.

Du vil no bli spurd om brukarnamn og passord til ein domenebrukar med rett til å melde inn maskiner i domenet. Her må du bruke administatorbrukaren frå Windows-servermaskina di.

Trykk «OK». Innmeldinga kan ta nokre sekund.

Om innmeldinga blir godkjend, får du opp ei velkomstmelding. Trykk «OK» på denne. Du vil så få opp ei åtvaring om at maskina må restarte. Trykk «OK».

Du blir no send tilbake til «System Properties»-vindauget. Her trykkjer du på «Close» for å avslutte innmeldinga. Du vil no få opp eit vindauge for å restarte maskina. Lukk andre program, og vel «Restart Now».

Ved mislykka innmelding

Dei fleste som får problem med med å melde maskina inn i domenet, har fått det på grunn av ei av årsakene under:

  1. Brukarnamnet eller passordet for innmelding var feil. Prøv på nytt, og sjekk eventuelt i Windows Server-installasjonen din kva som er brukarnamnet til administratorbrukaren din.

  2. Domenenamnet som er forsøkt brukt, er feil. Dobbeltsjekk at det er riktig. Du finn domenenamnet i Windows Server-installasjonen.

  3. Innmelding i domene avheng av at domene-oppslaget til klientmaskina går via DNS-serveren du har sett opp på Windows Server. Sjekk med CMD (command prompt) og kommandoen *ipconfig /all. Sjekk at «DNS servers»-adressa er den same som IP-adressa til Windows Server-maskina di. Om ho ikkje er det, kan du prøve å bruke kommandoane *ipconfig /*release og *ipconfig /*renew for å be om ny IP-adresse og informasjon frå DHCP-serveren.

    Om dette ikkje fungerer, kan det vere at du må re-konfigurere DHCP-serveren din eller bruke ei statisk IP-adresse på klientmaskina di. Då kan du leggje inn DNS-server manuelt på klienten. Dette er ikkje anbefalt, men er ei mogleg nødløysing.

Logg inn med domenebrukaren

Når klientmaskina har starta på nytt, vil påloggingsvindauget sjå likt ut som tidlegare. Det er enno mogleg for deg å logge inn med den lokale administratorbrukaren.

For å teste pålogging til domenet må du velje «Other user» nede til venstre på påloggingsskjermen. Du vil då få opp felt for brukarnamn og passord. Du kan òg sjå kva domene maskina vil prøve å logge på (i dømet under er dette forkorta til «LAB»).

Skriv inn brukarnamn og passord på domenebrukaren du sette opp tidlegare. I vårt høve er dette ein brukar med brukarnamnet «nilnil».

Påloggingsskjerm når «Other user» er vald. Det er felt til brukarnamn og passord, og vi ser at brukaren «nilnil» freistar å logge på domenet «LAB». Skjermbilete.

Under pålogginga vil du sjå at det fulle namnet til brukaren kjem opp. Den første pålogginga vil ta litt tid, men i løpet av eit par minutt er du ferdig innlogga med domenebrukaren.

Får du logga inn med domenebrukaren på klientmaskina, beviser det at du har har sett opp og basiskonfigurert alle tenestene som trengst for eit enkelt bedriftsnettverk med domenekontrollar.

Dette er noko dei fleste, sjølv datainteresserte, aldri set opp.

Med eit oppsett som ditt er det enkelt å utvide med fleire brukarar, grupper og maskiner og å gjere tilpassingar for å dekkje dei unike behova ei ekte bedrift måtte ha.

Du er sannsynlegvis ikkje ferdig med oppsettet ditt, men du har kome langt og har no eit fungerande grunnoppsett. Gratulerer!

CC BY-SASkrive av Tron Bårdgård.
Sist fagleg oppdatert 06.04.2021

Læringsressursar

Datalab med Windows Server