Hopp til innhald

Fagstoff

Installasjon av Windows 10 på fysisk maskin

Windows 10 er eit mykje brukt operativsystem for klientmaskiner. Windows 10 kan køyre sjølvstendig eller vere styrt av katalogtenesta i eit bedriftsnettverk. Denne rettleiinga går gjennom installasjonen av Windows 10 på fysisk maskinvare med tilpassing for å fungere med Active Directory.
Operativsystemet Microsoft Windows 10. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Denne rettleiinga beskriv installasjon på fysisk maskinvare. Viss du skal installere på ei virtuell maskin, finst det ein alternativ artikkel for dette som du finn lenkje til nedst i artikkelen.

Til installasjonen treng du ei berbar eller stasjonær datamaskin og USB-minnepenn (minst 8 GB stor) for overføring av installasjonsfiler til maskina.

Skaffe installasjonfiler og installasjonsmedium

Tre USB-minnepenner ligger på en overflate. Foto

Installasjonsfiler for Windows 10 kan skaffast på fleire måtar.

Viss du gjennom skulen har tilgang til Azure Dev Tools for Teaching, kan du laste ned ISO-filer direkte frå desse. Du vil trenge anten Pro, Enterprise eller Education-versjon av Windows 10 (Home-versjonen kan ikkje koplast til domenekontroller).

For å leggje ISO-fila på USB-minnepenn treng du eit program som Rufus.

Alternativt har Microsoft verktøyet Media Creation Tool, som hentar ned nødvendige filer for å lage USB-installasjonsmedium for alle versjonane av Windows 10 i ein enkel prosess. Nedst i denne artikkelen finn du ei lenkje til ei detaljert rettleiing om oppretting av installasjonsmedium.

Obs:
Media Creation Tool er enkelt å bruke, men har alternativ for å reinstallere datamaskina som programmet blir køyrt på.

Sidan du truleg køyrer Media Creation Tool frå di eiga skulemaskin, er ikkje dette ønsket. Pass derfor på at du vel «Opprett installasjonsmedium» når du får spørsmål om kva du ønskjer å gjere.

Programvindauge med to val. «Oppdatere denne PCen nå» og «Opprett installasjonsmedium».

Starte datamaskin frå installasjonsmedium

Kople minnepennen med installasjonsfilene til datamaskina du skal installere Windows 10 på. Slå på datamaskina og vent til du får opp skjermbiletet.

Meny med liste over enheter som maskinen kan starte opp fra. Enheten merket «USB HDD - UEFI: KingstonDataTravler» er markert. Skjermbilde
Opne bilete i eit nytt vindauge

Dei første sekunda av oppstarten er det mogleg å komme inn i menyen for å velje oppstarteining («boot menu»). Sjå etter tekst i hjørna på dei første skjermbileta for å sjå kva tast du må trykkje på. Ofte er det F2, F10, F12 eller Delete-knappen som blir brukt for å komme inn i denne menyen.

Viss du ikkje fekk trykt på rett knapp i tide, vil maskina prøve å starte opp frå harddisken til maskina. Start maskina på nytt og prøv på nytt til du kjem inn i rett meny.

Val av språk og tastaturoppsett for installasjonsrettleiaren

Vindu med tre nedtrekksmenyer, musepeker over «Next»-knappen. Skjermbilde.

Når datamaskina startar opp frå USB-minnepennen, vil ho starte installasjonsrettleiaren.

På første side vel du språk, klokke og tastaturoppsett som du ønskjer å bruke under installasjonen.

Denne rettleiinga bruker engelsk som språk, men norsk kan òg brukast om du ønskjer det.

Trykk «Next» for å gå vidare.

Ei ny side blir vist. Her er det mogleg å komme til verktøy for reparasjon av eksisterande Windows 10-installasjon. Sidan vi ønskjer å gjere ein nyinstallasjon, trykkjer du på «Install now».

Lisensnøkkel

På neste side kan du leggje inn lisensnøkkel for operativsystemet. I denne omgangen kan dette vente. Trykk derfor på «I don't have a product key».

Val av Windows 10-versjon

Liste over versjonar av Windows som kan installeres. Versjonen «Windows 10 Pro» er vald. Skjermbilete.

Viss USB-minnepennen kjem med filene for fleire Windows 10-versjonar, vil du no kunne velje kva versjon du ønskjer å installere.

Dette er ikkje alltid tilfellet, til dømes viss du lasta ned ein bestemt versjon av Windows 10 frå Azure Dev Tools for Teaching.

Alle versjonar unnateke Home-versjonane kan brukast med Active Directory. Versjonar som er merkte med N, er med norsk språk.

Denne rettleiinga tek utgangspunkt i Windows 10 Pro, den engelske versjonen. Du kan velje norsk versjon men må vere klar over at det kan gjere det meir utfordrande å følgje instruksjonane eller finne hjelp på nettet seinare.

Når du har valt versjonen du ønskjer å bruke, trykkjer du på «Next».

Du vil no få spørsmål om å godta lisensvilkår. Kryss av for dette og trykk på «Next».

Avansert installasjonsrettleiing

På neste side vil du bli spurd om du ønskjer å gjere ei operativsystemoppgradering eller ein avansert Windows-installasjon. Vel «Custom: Install Windows only (advanced)».

Partisjoner harddisk/SSD

Slette eksisterande partisjonar

Vindauge som viser ei liste over eksisterande partisjonar på harddisken. Nedanfor er det val som å slette og formatere. Skjermbilete.

Viss du installerer på ei maskin som har hatt andre installasjonar tidlegare, er det truleg at gamle partisjonar endå eksisterer på harddisken til maskina.

Vel kvar partisjon etter tur og vel «Delete». Du vil få opp eit vindauge der du må stadfeste slettinga.

Når slettinga er ferdig, skal du berre stå att med ei linje med namnet «Drive 0 Unallocated Space» med heile storleiken på disken som ledig.

Viss du har ei datamaskin med fleire harddiskar, vil dei andre diskane og partisjonane òg bli viste. Dei vil ha andre «Drive»-nummer.


Opprette partisjon

For å opprette ein ny partisjon på den tomme harddisken trykkjer du på «New». Du kan no skrive inn storleiken du ønskjer at den nye partisjonen skal ha.

Partisjonen du lagar, bør berre vere rundt halvparten av totalstorleiken på harddisken.

Når du har valt storleiken, trykkjer du på «Apply» for å starte skipinga av partisjonen.

Eit sprettoppvindauge vil no komme fram og spørje om løyve til å opprette andre nødvendige partisjonar for Windows-installasjonen. Vel «OK».

Når maskina har fått arbeidd seg gjennom skipinga av partisjonane, vil partisjonslista oppdatere seg. Marker den store partisjonen, som er av typen «Primary». Trykk så «Next» for å starte installasjon til denne partisjonen.

Når installasjonsrettleiaren har kopiert over filene til partisjonen på harddisk/SSD, vil maskina starte på nytt. Du kan no ta ut USB-minnepennen.

Legg inn region og tastaturoppsett for Windows 10

Når maskina startar opp frå harddisk/SSD første gong, vil du bli spurd om regionsinnstilling og tastaturpreferansar.

Under region bør du velje «Norway» (sjølv om du skal ha engelsk språk). Trykk «Yes» for å gå vidare.

Under tastaturoppsett vel du «Norwegian» og trykkjer «Yes» for å gå vidare.

Hopp over å leggje til sekundært tastaturoppsett ved å trykkje på «Skip».

Set opp maskin for bruk i bedriftsnettverk

På sida «How would you like to set up?» Bør du velje «Set up for an organisation». Dette inkluderer filer og verktøy som trengst for seinare å kople Windows 10-installasjonen til ein server med Active Directory. trykk «Next» for å gå vidare.

To val er viste: å setje opp operativsystemet for personleg bruk eller å setje det opp for bruk i ein organisasjon. Valet «Set up for an organisation» er valgt, og knappen «Next» er mulig å trykke på. Skjermbilete.

På neste side vil du få spørsmål om e-postadresse for pålogging. Dette ønskjer vi ikkje å gjere. Vel derfor «Domain join instead».

Du vil no bli spurd om å lage eit brukarnamn. Denne brukaren vil vere lokal administrator på maskina. Vel eit fornuftig brukarnamn og eit passord du ikkje bruker andre stader.

I driftsmiljø bør ikkje brukarnamn og passord skrivast ned. I testoppsett er dette nyttig, men då er det viktig at brukarnamn og passord ikkje blir brukt andre stader.

Når du har laga brukarnamn og passord, vil du måtte velje tryggleikspørsmål og svar. Fyll inn og trykk «Next» for å gå vidare.

I den siste delen vil Microsoft be om løyve for å gjere ulike typar datainnsamling. Det er tilrådd å takke nei til førespurnaden når det er mogleg. Trykk «Accept» for å gå vidare.

Skrivebord til nyinstallert Windows 10. Skjermbilete.

Når alle spørsmål er svart på, vil maskina gjere konfigurering. Dette kan ta nokre minutt. Når prosessen er ferdig, blir du logga inn i Windows 10.



CC BY-SASkrive av Tron Bårdgård.
Sist fagleg oppdatert 26.02.2021

Læringsressursar

Datalab med Windows Server