Hopp til innhald
Du er no inne i ein læringssti

Introduksjon

CC BY-SA

I denne guiden (læringsstien) går vi gjennom stega som trengst for å setje opp ein fysisk testlab med Windows Server 2019-servermaskin, Windows 10-klient og UniFi-nettverk. Oppsettet simulerer sentrale delar av eit oppsett som kan vere aktuelt for driftsmiljøet til ei lita bedrift.

Guiden dekkjer installasjon av operativsystem, oppsett av grunnleggjande nettverk, oppsett av domenekontrollar, DNS og DHCP-teneste på serveren. Vi ser òg på oppretting av OU-ar og domenebrukarkontoar. Til slutt i guiden gjer vi første pålogging med domenebrukarkonto på klientmaskina.

Denne guiden (læringsstien) er ein forenkla versjon med mindre fagstoff om tenestene undervegs i rettleiinga. Den utvida versjonen av stien heiter «Datalab med Windows Server og generisk nettverk (utvida)».

For å gjennomføre denne guiden treng du to datamaskiner (éi vil fungere som server, og den andre vil vere klient). (Obs: Tidlegare operativsystem og data på desse maskinene vil bli sletta i prosessen.) Du treng ein ruter (og tilgang til bruksrettleiing eller guide for oppsett) og ein svitsj (helst ein som støttar VLAN), og du vil trenge nettverkskablar, tastatur, mus og skjerm.

Om du har UniFi-basert nettverksutstyr, har vi eigne læringsstiar for slike oppsett. Snakk med læraren din om kva sti du skal følgje.

Du treng internettilgang for ruteren og ein minnepenn til å lage installasjonsmedium. (Obs: Eksisterande innhald på minnepennen vil bli sletta i prosessen.)