Hopp til innhald

Fagstoff

Installasjon av Omada-kontrollar i Ubuntu 20.04

Omada-kontrollarprogramvara er gratis og kan køyre både på fysisk (x86 og ARM) maskinvare og i ei virtuell datamaskin. Basisinstallasjonen i Ubuntu Server 20.04 er enkel og tek berre nokre minutt.
Berbar pc som blir oppdatert med Linux. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Programversjonar brukt i denne guiden

Denne guiden tek utgangspunkt i Omada SDN Controller 5.12.xx og Ubuntu Server 20.04 LTS (Long Term Service).

Har du ein nyare versjon av kontrollarprogramvara og Ubuntu-distribusjonen, må du kanskje bruke ein annan framgangsmåte. Vi tilrår at du i så fall sjekkar om det er gjort endringar i framgangsmåten.

Dersom du skal installere på ei virtuell datamaskin, tilrår vi at du tek ein sikkerheitskopi av den virtuelle maskina før installasjonen.

Installasjon

Start med å gå inn i Linux-terminalen på maskina du skal bruke til nettverkskontrollar.

Vi tilrår at du bruker SSH via til dømes programmet Putty. Bruk av SSH gjer det enkelt å kopiere kommandoar inn i terminalen og ta skjermbilete av arbeidet du gjer.

Installer nødvendige tilleggsprogrampakkar

Start med å oppdatere pakkereservoara (apt repository) til Ubuntu-installasjonen din.

bash

1sudo apt update

Stadfest installasjonen med "y" og enter (dette gjeld for alle slike førespurnader som du vi få vidare under installasjonen).

Last ned følgande tilleggsprogrampakkar som er nødvendige for installasjonen.

bash

1sudo apt install jsvc software-properties-common gnupg apt-transport-https ca-certificates openjdk-11-jre-headless

Gjer klar for installasjon frå framandt pakkereservoar

Pakkereservoara (apt repository) til Ubuntu inneheld mykje av den mest brukte programvara. Men nokre program er ikkje lagde inn eller ikkje lagde inn med nyaste versjon.

I slike tilfelle kan du laste ned programma direkte til maskina, eller du kan legge til andre pakkereservoar (til dømes produktleverandøren sitt eige pakkereservoar). Det er det sistnemnde vi skal gjere i denne rettleiinga.

Last ned sikkerheitsnøklar for MongoDB database versjon 4.4 og lagre desse lokalt.

bash

1curl -fsSL https://pgp.mongodb.com/server-4.4.asc | sudo gpg -o /usr/share/keyrings/mongodb-server-4.4.gpg --dearmor

Legg inn MongoDB pakkereservoar som pakkereservoar lokalt på maskina. (Dette er éin enkelt lang kommando, ikkje del han opp.)

bash

1echo "deb [ arch=amd64,arm64 signed-by=/usr/share/keyrings/mongodb-server-4.4.gpg ] https://repo.mongodb.org/apt/ubuntu focal/mongodb-org/4.4 multiverse" | sudo tee /etc/apt/sources.list.d/mongodb-org-4.4.list

Oppdater lokalt pakkereservoar. Dette sikrar at det nye framande pakkereservoaret blir kontakta når installasjonskommando blir gitt seinare. Dersom du får feilmelding av "update"-kommandoen, må dette feilsøkast før du går vidare.

bash

1sudo apt update

Installer og klargjer databasen MongoDB 4.4

MongoDB er ein NOSQL-database som er mykje brukt mellom anna av Facebook, Google og IBM. For TP-link Omada må vi dessverre bruke ein spesifikk og gammal versjon av denne databaseprogramvara.

bash

1sudo apt install mongodb-org

Start så opp MongoDB-databasen.

bash

1sudo systemctl start mongod.service

Bruk kommandoen under for å starte opp MongoDB automatisk kvar gong maskina startar opp.

bash

1sudo systemctl enable mongod

Lag lenke mellom Java-plasseringar

Java-installasjonen du gjorde tidlegare, har ei plassering som ikkje stemmer overeins med forventa plassering ifølge installasjonsskriptet til Omada-kontrollaren. Dette kan vi enkelt rette ved å lage ei lenke mellom faktisk og forventa plassering.

Først lagar du ei mappe for den forventa plasseringa.

bash

1sudo mkdir /usr/lib/jvm/java-11-openjdk-amd64/lib/amd64

Lag lenke mellom faktisk og forventa plassering i filsystemet.

bash

1sudo ln -s /usr/lib/jvm/java-11-openjdk-amd64/lib/server /usr/lib/jvm/java-11-openjdk-amd64/lib/amd64/

Last ned og installer Omada-nettverkskontrollar

Flytt plassering i terminalen til heimemappa til Linux-brukaren.

bash

1cd ~

Gå til TP-link si heimeside og finn den nyaste versjonen av deira Omada SDN Controller for Linux (du er ute etter den nedpakka versjonen som har filnamn som sluttar på .tar.gz). Kopier lenka du finn, og lim ho inn i staden for ho som er i kommandoen under.

bash

1wget https://static.tp-link.com/upload/software/2023/202309/20230920/Omada_SDN_Controller_v5.12.7_linux_x64.tar.gz

Pakk ut fila du har lasta ned (her må du byte ut med namnet som stemmer med versjonen du lastar ned).

bash

1tar zxvf Omada_SDN_Controller_v5.12.7_linux_x64.tar.gz

Gå inn i mappa som vart pakka ut. Her må du òg byte namn avhengig av versjonen du lasta ned.

bash

1cd Omada_SDN_Controller_v5.12.7_linux_x64

Køyr installasjonsskriptet for Omada-kontrollaren.

bash

1sudo bash ./install.sh

Installasjon og oppstart vil ta nokre minutt.

Terminalvindauge som viser framgang av installasjonsprosess og stadfesting på at installasjonen var vellykka. Skjermbilete.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Kople til Omada-nettverkskontrollar med nettlesar

Under installasjonen fekk du oppgitt ei IP-adresse og portnummer for å kople til webgrensesnitt. Denne adressa er ei lokalhost-adresse som ikkje kan brukast utanfor den spesifikke maskina. For å nå nettverkskontrollaren frå ei anna maskin må du bruke IP-adressa til nettverkskontrollarmaskina og det oppgitte portnummeret, til dømes slik:

text

1http://192.168.1.41:8088

Åtvaring om ugyldig sikkerheitssertifikat

Åtvaring i nettlesar om at sikkerheitssertifikat ikkje er gyldig. Skjermbilete.

Nettverkskontrollaren bruker sitt eige genererte sikkerheitssertifikat for nettlesarkommunikasjon. Dette vil ikkje nettlesaren din kjenne igjen, og du vil derfor få ei åtvaring om usikker tilkopling.

Sidan dette er ei teneste du sjølv har sett opp og kommunikasjonen berre går via lokalnettverket, kan du overstyre åtvaringa og gå vidare til nettsida.


Lage brukarkonto i Omada-kontrollarprogramvara

På den første sida av installasjonsvegvisaren vel du "Let's Get Started". Du blir då send til oppsett av brukarkonto til kontrollaren. Lag eit brukarnamn, e-post (treng ikkje vere ekte) og passord. Skru av for "Cloud Access" og trykk på "Next" for å gå vidare.

Nettsideskjema med felt for å fylle inn brukarnamn, e-post og passord. Skjermbilete.

På den neste sida vil du bli spurd om du ønsker å importere ein gammal konfigurasjon eller starte ein ny. Vel "Config New Setup".

Oversikt over Omada-nettverkskontrollaren og plassering av forskjellige funksjonar. Skjermbilete.

Du kjem no til ein vegvisar for oppsett av nettverk og einingar. Dette bør du gjere manuelt seinare (for å ha alle konfigurasjonsmoglegheitene). Trykk på "Skip"-knappen for å hoppe over konfigurasjonen.

Du får no opp ein gjennomgang av brukargrensesnittet til Omada-kontrollaren. Du kan gå gjennom denne eller krysse deg ut og til sjølve brukargrensesnittet oppe i høgre hjørne.

Nettlesarvindauge med overordna informasjon om nettverkskontrollaren. Skjermbilete.

Du er no inne i brukargrensesnittet til Omada-nettverkskontrollaren. Du er no klar å konfigurere og adoptere inn nettverksutstyret ditt. Dette går vi vidare med i ein annan artikkel.

CC BY-SASkrive av Tron Bårdgård.
Sist fagleg oppdatert 12.10.2023

Læringsressursar

Datalab med Windows Server