Hopp til innhald
Rettleiing

Installasjon av Windows 11 på fysisk maskin

Windows 11 er eit mykje brukt operativsystem for klientmaskiner. Windows 11 kan køyre sjølvstendig eller vere styrt av katalogtenesta i eit bedriftsnettverk. Denne rettleiinga går gjennom installasjonen av Windows 11 på fysisk maskinvare med tilpassing for å fungere med Active Directory.

Denne rettleiinga beskriv installasjon på fysisk maskinvare. Dersom du skal installere på ei virtuell maskin, finst det ein alternativ artikkel for dette som du finner lenke til nedst på denne sida.

Til installasjonen treng du ei berbar eller stasjonær datamaskin og USB-minnepinne (minst 8 GB stor) for overføring av installasjonsfiler til maskina.

Skaffe installasjonsfiler og installasjonsmedium

Installasjonsfiler for Windows 11 kan skaffast på fleire måtar.

Dersom du gjennom skulen har tilgang til Azure Dev Tools for Teaching, kan ISO-filer lastast ned direkte frå desse. Du vil trenge anten Pro-, Enterprise- eller Education-versjonen av Windows 11 (Home-versjonen kan ikkje koplast til domenekontrollar).

For å legge ISO-fila på USB-minnepinne treng du eit program som Rufus.

Alternativt har Microsoft-verktøyet Media Creation Tool, som hentar ned nødvendige filer for å lage USB-installasjonsmedium for alle versjonane av Windows 11 i ein enkel prosess. Nedst i denne artikkelen finn du ei lenke til ei detaljert rettleiing om oppretting av installasjonsmedium.

Obs!

Media Creation Tool er enkelt å bruke, men ver obs på at programmet har eit alternativ for å reinstallere datamaskina.

Sidan du sannsynlegvis køyrer Media Creation Tool frå di eiga skulemaskin, er ikkje dette ønskeleg. Pass derfor på at du vel "Opprett installasjonsmedium" når du får spørsmål om kva du vil gjere.

Starte datamaskin frå installasjonsmedium

Kople minnepinnen med installasjonsfilene til datamaskina du skal installere Windows 11 på. Slå på datamaskina og vent til du får opp skjermbiletet.

I løpet av dei første sekunda av oppstarten er det mogleg å komme inn i menyen for å velje oppstartseining ("boot menu"). Sjå etter tekst i hjørna på dei første skjermbileta for å sjå kva for ein tast du må trykke på. Ofte er det F2, F10, F12 eller Delete-knappen som brukast for å komme inn i denne menyen.

Dersom du ikkje fekk trykt på rett knapp i tide, vil maskina forsøke å starte opp frå harddisken til maskina. Start maskina på nytt og prøv igjen til du kjem inn i rett meny.

Val av språk og tastaturoppsett for installasjonsrettleiaren

Når datamaskina startar opp frå USB-minnepinnen, vil ho starte installasjonsrettleiaren.

På første side vel du språk, klokke og tastaturoppsett som du ønsker å bruke under installasjonen.

Denne rettleiinga bruker engelsk som språk, men norsk kan òg brukast dersom du ønsker dette.

Trykk på "Next" for å gå vidare.

Ei ny side blir vist. Her er det mogleg å komme til verktøy for reparasjon av eksisterande Windows 11-installasjon. Sidan vi ønsker å gjere ein nyinstallasjon, trykker du på "Install now".

Godkjenne lisensavtale

På neste side må du godkjenne Microsoft sine lisensvilkår. Kryss av for at du godtek desse, og vel "Next".

Lisensnøkkel

På neste side kan du legge inn lisensnøkkel for operativsystemet. I denne omgangen kan dette vente. Trykk derfor på "I don’t have a product key".

Avansert installasjonsrettleiing

På neste side vil du bli spurd om du ønsker å gjere ei operativsystemoppgradering eller ein avansert Windows-installasjon. Vel "Custom: Install Windows only (advanced)".

Partisjonere harddisk/SSD

Slette eksisterande partisjonar

Dersom du installerer på ei maskin som har hatt andre installasjonar tidlegare, er det sannsynleg at gamle partisjonar endå eksisterer på harddisken til maskina.

Vel kvar partisjon etter tur og vel "Delete". Du vil få opp eit vindauge der du må stadfeste slettinga.

Når slettinga er ferdig, skal du berre stå igjen med ei linje der det står "Drive 0 Unallocated Space", og heile disken skal vere ledig.

Dersom du har ei datamaskin med fleire harddiskar, vil dei andre diskane og partisjonane òg visast. Dei vil ha andre "Drive"-nummer.


Opprette partisjon

For å opprette ein ny partisjon på den tomme harddisken trykker du på "New". Du kan no skrive inn storleiken du ønsker at den nye partisjonen skal ha.

Vi tilrår at partisjonen du lagar, berre er rundt halvparten av totalstorleiken på harddisken.

Når du har valt storleiken, trykker du på "Apply" for å starte opprettinga av partisjonen.

Eit sprettoppvindauge vil no komme fram og spørje om tillating til å opprette andre nødvendige partisjonar for Windows-installasjonen. Vel "OK".

Når maskina har fått arbeidd seg gjennom opprettinga av partisjonane, vil partisjonslista oppdatere seg. Marker den store partisjonen, som er av typen "Primary". Trykk så på "Next" for å starte installasjon til denne partisjonen.

Når installasjonsrettleiaren har kopiert over filene til partisjonen på harddisk/SSD, vil maskina starte på nytt. Du kan no ta ut USB-minnepinnen.

Legg inn land og tastaturoppsett for Windows 11

Når maskina startar opp frå harddisk/SSD den første gongen, vil du bli spurd om regionsinnstilling og tastaturpreferansar.

Under region bør du velje "Norway" (sjølv om du skal ha engelsk språk). Trykk på "Yes" for å gå vidare.

Under tastaturoppsett vel du "Norwegian" og trykker på "Yes" for å gå vidare.

Hopp over å legge til sekundært tastaturoppsett ved å trykke på "Skip".

Val av maskinnamn

På neste side blir du spurd om å oppgi eit namn til maskina. Vel til dømes "klientmaskin" og trykk på "Next".

Set opp maskin for bruk i bedriftsnettverk

På sida "How would you like to set up this device?" bør du velje "Set up for work or school". Dette inkluderer filer og verktøy som trengst for seinare å kople Windows 11-installasjonen til ein server med Active Directory. Trykk på "Next" for å gå vidare.

På neste side vil du få spørsmål om å oppgi e-postadresse for pålogging. Dette bør du ikkje gjere. Vel derfor "Sign-in options" og "Domain join instead".

Du vil no bli spurd om å lage eit brukarnamn. Denne brukaren vil vere lokal administrator på maskina. Vel eit fornuftig brukarnamn og eit passord du ikkje bruker andre stader.

I driftsmiljø bør ikkje brukarnamn og passord skrivast ned. I testoppsett, derimot, er dette nyttig, men då er det viktig at brukarnamnet og passordet ikkje blir brukte andre stader.

Når du har laga brukarnamn og passord, vil du måtte velje sikkerheitsspørsmål og svar. Fyll inn og trykk på "Next" for å gå vidare.

I den siste delen vil Microsoft be om tillating for å gjere forskjellige typar datainnsamling. Vi tilrår at du takkar nei til førespurnaden når det er mogleg. Trykk på "Accept" for å gå vidare.

Når du har svart på alle spørsmåla, vil maskina gjere ei konfigurering. Dette kan ta nokre minutt. Når prosessen er ferdig, blir du logga inn i Windows 11.

Når maskina har logga seg inn, tilrår vi at du søker etter oppdateringar manuelt. Trykk på Windows-ikonet eller søkefeltet på startlinja og skriv inn "Check for updates". Søk etter og installer oppdateringar som er tilgjengelege. Det er sannsynleg at maskina må restarte ein eller fleire gonger under oppdateringa.