Hopp til innhald

Fagstoff

Innstillingar og adopsjon av einingar i Omada-kontrollaren

Når du har fått tilgang til hovudsida til Omada-kontrollaren (dashboard), er neste oppgåve å justere innstillingar og adoptere nettverkseiningane slik at Omada-kontrollaren får kontroll over einingane.
Nettsidevindauge med instrumentpanelet til Omada-kontrollaren. Skjermbilete.

Opprette lokasjon (site)

TP-link Omada er laga for å kunne kontrollere nettverksutstyr som er plassert på ein enkelt lokasjon eller fleire forskjellige lokasjonar. Dette gjer systemet fleksibelt for forskjellige typar bedrifter.

Sprettoppvindauge med felt for namn, land, applikasjonsscenario med meir. Skjermbilete.

Når du skal byrje å konfigurere kontrollaren din, må du først opprette ein lokasjon (site) som konfigurasjon og utstyr skal knytast til.

Frå hovudsida til Omada-kontrollaren (dashboard) trykker du på knappen "Add New Site", som er på midten til høgre.

Gi lokasjonen din eit beskrivande namn og vel kva for eit land han er seg i.

Under "Application Scenario" kan du velje "Office". Her er det òg mogleg å lage sitt eige scenario.

Felt for plassering og adresse kan du hoppe over i denne omgang.

Under "Device Account" skriv du inn det du vil ha som brukarnamn og passord for adoptert utstyr. I eit driftsmiljø bør dette vere eit komplisert passord som ikkje blir brukt andre stader, men i testmiljø kan du bruke same brukarnamn og passord som du har brukt elles i oppsettet ditt.

Når du er fornøgd, trykker du på "Apply".

Vel den nylaga lokasjonen din

Nedtrekksmeny som viser tilgjengelege lokasjonar. Skjermbilete.

Vel lokasjon ved å bruke nedtrekksmenyen merkt "Organization", som er oppe til høgre på hovudsida.

Når du har valt lokasjon, vil du få opp fleire val i menyen til venstre og detaljert informasjon om lokasjonen på midten av skjermen.

Hovudside (dashboard) med vald lokasjon. Hovudsida har ein hovudmeny til venstre og mykje overordna informasjon i midten av skjermen. Skjermbiletet.

Justere nettverkskonfigurasjon

Justere LAN-konfigurasjon

Som standard bruker Omada-utstyr IP-området 192.168.0.1 - 192.168.0.254. Dette er eit anna IP-område enn det vi har brukt elles i denne guiden: 192.168.1.1 - 192.168.1.254. Før vi kan starte å adoptere inn nettverksutstyret i kontrollaren, må vi derfor justere kontrollaren til å bruke IP-området vi har bestemt.

Heilt nede til venstre i webgrensesnittet er ein knapp for å komme inn i innstillingar, han ser ut som eit tannhjul. Trykk på denne.

Ein ny meny kjem så fram på venstre side. Vel "Wired Networks" og "LAN" i undermenyen.

I LAN-konfigurasjonen kan vi justere både logisk og fysisk nettverk. I denne omgangen skal vi avgrense oss til fysiske portar og eit enkelt VLAN, men seinare kan det vere at fleire VLAN og eit større logisk nettverk skal konfigurerast.

Forskjell mellom logisk og fysisk nettverk

Når vi arbeider med nettverk, må vi handtere to forskjellige aspekt samtidig: det reint fysiske (korleis einingar er kopla fysisk saman) og det logiske (korleis data rører seg innad i utstyr og mellom einingar i nettverk).

Eit enkelt døme på dette kan vere ein konfigurerbar svitsj med VLAN. Svitsjen har til dømes fire fysiske portar som kan koplast til anna nettverksutstyr eller datamaskiner.

Nettverket har òg tre forskjellige VLAN: eit driftsnettverk, eit tilsettnettverk og eit gjestenettverk. Ein fysisk nettverksport kan overføre fleire VLAN, men treng ikkje nødvendigvis å formidle alle.

Figur som representerer ein svitsj. Mot utsida har han fysiske portar, desse er ein del av det fysiske nettverket. På innsida av svitsjen er det sett opp fleire VLAN. Nokre VLAN går til alle portar, mens nokre berre går til ein eller to av dei fysiske portane. Dette er det logiske oppsettet. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Endre "Gateway/Subnet" til "192.168.1.1". Dersom du bruker eit anna IP-adresseområde, legg du inn den rette adressa for dette.

Webgrensesnitt med felt for å konfigurere lokalt nettverk. Skjermbilete.
Før-og-etter-modell som viser at når DHCP-server får eit mindre område IP-adresser han kan dele ut, står det nokre adresser igjen som kan brukast til einingar med statisk IP-adresse. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Under "DHCP Range" må du òg justere IP-adressene til å stemme overeins med ditt IP-range.

Vi tilrår òg at du set DHCP-start til til dømes 192.168.1.50 slik at du har adresser på starten av IP-området som er sett av til utstyr med statisk (fast) IP-adresse.

Når du har gjort ferdig justeringane, trykker du på "Save" nedst på sida.


Justere WAN/internett-konfigurasjon

Denne seksjonen av guiden tek utgangspunkt i at det ikkje er DHCP i nettverket som du koplar ruteren din til på WAN-sida, og at du derfor må setje opp ei statisk IP-adresse. Dersom det er DHCP i nettverket, kan du gå vidare til neste seksjon. Snakk med læraren din dersom du er usikker.

Modell som viser korleis internett kjem inn til nettverket og går til ruteren. Ruteren er vidare kopla til svitsj som igjen er kopla til ei datamaskin. Illustrasjon.

For at ruteren din (når han er adoptert) skal vite korleis han kan nå internett, må vi legge inn "WAN/Internet"-konfigurasjon. Du finn desse innstillingane ved å gå til "Internet" i "Wired Networks"-menyen.

Nettlesarvindauge med felt for innfylling av konfigurasjon for WAN-tilkopling. Skjermbilete.

TP-link Omada-ruterar kjem med fleire seperate WAN-portar for tilkopling til internett. Du kan bruke ein eller fleire av desse samtidig, avhengig av om du har ein eller fleire nettlinjer inn til nettverket ditt. Dei fleste vil få internett-tilgang via ein ordinær nettverkskabel. Trykk på "WAN"-knappen som er eit lite stykke ned midt på skjermen. Vel så "Static IP" som "Connection Type". Du kan no legge inn den faste IP-adressa som ruteren skal ha. Når du er ferdig, må du hugse å lagre ved å trykke på "Save"-knappen nedst på sida.

Adoptere inn nettverkseiningar i kontrollaren

Liste over nettverkseiningar, med status og versjonsnummer. Skjermbilete.

Du er no klar til å adoptere inn Omada-nettverksutstyr i nettverkskontrollaren din. I sidemenyen til venstre vel du "Devices".

Du vil no få opp ei liste over alle einingar som kontrollaren kan sjå, både dei som er adopterte inn, og dei som ikkje er det. Einingane vi er ute etter, vil stå med statusen "Pending".

Står ei eller fleire av einingane med statusen "Adopted by other", betyr dette at dei må fabrikknullstillast før du kan importere dei inn i kontrollaren din.

Hald inn reset-knappen på eininga i 10 sekund og vent til ho dukkar opp på nytt som "Pending".

Vil tilrår at du først adopterer ruteren. Trykk på han og vel "Adopt".

Første gongen du prøver å adoptere einingar du tidlegare har konfigurert for å fungere utan kontrollar (standalone mode), vil det mislykkast. Då får du feilmeldinga "Adoption failed". Vel då "Adopt" på nytt. Du vil då få opp spørsmål om brukarnamn og passordet som du har brukt på utstyret tidlegare. Fyll dette inn og trykk på "Adopt".

Nettlesarvindauge med tekstboks med felt for brukarnamn og passord. Skjermbilete.

Adopsjon vil gå gjennom stega "Adopting" og "Configuring" før det sluttar på "Connected", som betyr at eininga er vellykka adoptert inn i kontrollaren.

Gå gjennom og adopter alle einingane du har i nettverket. Einingane vil no ikkje lenger vere moglege å styre i webgrensesnittet til eininga, men berre gjennom Omada-kontrollaren.

Oversikt over nettverkseiningar, alle har status "Connected" i grøn tekst. Skjermbilete.

Dersom du ønsker, kan du gå inn på einingane ved å trykke på dei og gjere justeringar. Du kan til dømes gi dei fornuftige namn. Du kan òg gjere oppdatering av fastvare (firmware).

CC BY-SASkrive av Tron Bårdgård.
Sist fagleg oppdatert 16.10.2023

Læringsressursar

Datalab med Windows Server