Hopp til innhald

Fagstoff

Installasjon av UniFi-kontrollar i Ubuntu 20.04

UniFi-kontrollarprogramvara er gratis og kan køyre både på fysisk (x86 og ARM) maskinvare og i ei virtuell datamaskin. Basisinstallasjonen i Ubuntu Server 20.04 er enkel og tek berre nokre minutt.
Ein berbar PC med Linux installerer ei oppdatering. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Denne guiden tek utgangspunkt i UniFi Controller 6.0.xx og Ubuntu Server 20.04 LTS (long Term Service).

Har du ein nyare versjon av kontrollarprogramvara og Ubuntu-distribusjonen, må du kanskje bruke ein annan framgangsmåte. Vi tilrår at du i så fall sjekkar om det er gjort endringar i framgangsmåten.

Om du skal installere på ei virtuell datamaskin, tilrår vi at du tek ein sikkerheitskopi av den virtuelle maskina før installasjonen.

Gjer klart for installasjon frå framandt pakkereservoar

Pakkereservoara (apt repository) til Ubuntu inneheld mykje av den mest brukte programvara. Men nokre program er ikkje lagde inn eller er ikkje lagde inn med nyaste versjon.

I slike tilfelle kan du laste ned programma direkte til maskina, eller du kan leggje til andre pakkereservoar (til dømes produktleverandøren sitt eige pakkereservoar). Det er det sistnemnde vi skal gjere i denne rettleiinga.

Oppdater SSL-sertifikatlista til maskina

SSL-sertifikat blir brukte for å sikre kommunikasjon over internett. Kommandoen under installerer oppdaterte sertifikat til maskina.

Bash

1sudo apt-get install ca-certificates

Stadfest installasjonen med «y» og Enter.

Opne for https i pakkereservoarlista (sources)

Ubuntu har ei liste over pakkereservoar som kan brukast. Seinare skal det leggjast inn eit nytt reservoar i lista. Dette reservoaret bruker https, noko som ikkje er støtta i utgangspunktet. Kommandoen under legg til denne støtta.

Bash

1sudo apt-get install apt-transport-https

Stadfest installasjonen med «y» og Enter.

Leietekstlinje med kommandoar frå brukaren. Under er det mange linjer med meir info om installasjonen. Nedst er ei tom leietekstlinje klar for ny kommando. Skjermbilete.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Sikre at filer kan hentast frå nettsider

Wget er eit program som lar oss laste ned filer frå webserverar. Wget er inkludert i mange Linux-distribusjonar, men for å vere på den sikre sida køyrer vi installasjon av det.

Bash

1sudo apt-get install wget

Anten får du beskjed om at Wget allereie er i nyaste versjon, eller så får du spørsmål om å stadfeste installasjonen. Stadfest i så fall med «y» og Enter.

Legg til UniFi i pakkereservoarlista til maskina

Produsenten av UniFi-utstyret driftar eit pakkereservoar for Debian Linux. Ubuntu er i nær slekt med Debian og kan derfor som oftast bruke dei same programma.

Kommandoen under legg til adressa til UniFi-pakkereservoaret i reservoarlistene til datamaskina.

PS: Dette er éin enkelt, samanhengande kommando.

Bash

1echo 'deb https://www.ui.com/downloads/unifi/debian stable ubiquiti' | sudo tee /etc/apt/sources.list.d/100-ubnt-unifi.list

Om kommandoen er vellykka, vil du ikkje få noka stadfesting anna enn ei ny tom kommandolinje.

Legg til tryggingsnøklar for det nye pakkereservoaret

Ubuntu Linux bruker berre pakkereservoar (repository) som ho kan kommunisere sikkert med. Maskina har derfor tryggingsnøklar som følgde med under installasjonen.

Når ein legg inn eit nytt pakkereservoar, treng ein ikkje å leggje til tryggingsnøklar for det nye pakkereservoaret. Kommandoen under hentar desse ned frå «dl.ui.com» og legg dei til under pålitelege (trusted) kjelder.

Bash

1sudo wget -O /etc/apt/trusted.gpg.d/unifi-repo.gpg https://dl.ui.com/unifi/unifi-repo.gpg

Last ned liste over tilgjengelege program frå pakkereservoara

For at datamaskina skal vite kva program som er tilgjengelege i det nye pakkereservoaret, må ho hente ned lister over tilgjengelege program. Dette gjer vi med kommandoen under.

Bash

1sudo apt update
Leietekst der brukaren har skrive inn «sudo apt update». Under er det lista opp kva for nokre pakkereservoar som blir gjennomsøkte. UniFi er ei av dei. Nedst er det ei tom leietekstlinje klar for ny kommando. Skjermbilete.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Installasjon av UniFi-kontrollar og nødvendig køyremiljø

Installasjon av køyremiljø for Java

UniFi-kontrollarprogramvara er skriven i Java. Java er eit programmeringsspråk, og for å kunne køyre javaprogram på ei datamaskin må ein setje opp eit køyremiljø (runtime environment) til det.

Bash

1sudo apt install openjdk-8-jre-headless

Stadfest installasjonen med «y» og Enter.

Installere UniFi-kontrollarprogramvare

Kommandoen under installerer og set i gang UniFi-kontrollarprogramvara.

Bash

1sudo apt install unifi

Stadfest installasjonen med «y» og Enter. Når installasjonen er ferdig, startar UniFi-kontrollaren automatisk. Han vil òg starte opp automatisk saman med operativsystemet om maskina blir skrudd av og på att.

Teste installasjonen

For å teste om installasjonen var vellykka, kan du prøve å nå webgrensesnittet til UniFi-kontrollaren frå ein nettlesar. Nettlesaren kan vere på ei anna datamaskin så lenge ho er i same lokalnettverk (og IP-range) som maskina som køyrer UniFi-kontrollaren.

Skriv inn https://IP-adresse:8443 i nettlesaren (byt ut «IP-adresse» med IP-adressa til maskina UniFi-kontrollaren er installert på).

Om UniFi-kontrollaren er aktiv, vil du mest sannsynleg få opp ei åtvaring som den på biletet under. Åtvaringa kjem fordi UniFi-kontrollaren bruker sjølvlaga og dermed uverifiserte SSL-nøklar. Dette er ikkje farleg når tenesta er di eiga og i lokalnettverket.

Nettlesaren freistar å opne adressen 192.168.1.11:8443. Ei åtvaring fortel at nettsida er usikker fordi det ikkje er brukt gyldige SSL-sertifikat. Skjermbilete.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Nedst på sida er det ein knapp for avanserte innstillingar. Trykkjer du på han, får du høve til å overstyre nettlesarsikkerheita og akseptere det uverifiserte sertifikatet.

Når dette er gjort, skal du få opp første side av konfigurasjonsrettleiaren for nettverkskontrollaren. Instruksjonar til denne konfigurasjonen får du i neste del.

Nettlesar som viser rettleiarsteg 1 av 6 for basisoppsett av UniFi-kontrollaren. Skjermbilete.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Dersom du ikkje får opp webgrensesnittet til UniFi-kontrollaren, må du søkje etter feil.

  • Frå maskina med nettlesaren: Forsøk å nå IP-adressa til UniFi-kontrollaren med ping.

    • Om maskina svarer på ping, kan du gå vidare.
    • Om maskina ikkje får svar på ping, er det sannsynlegvis eit problem med nettverkskonfigurasjonen på ei av maskinene.
  • Frå maskina UniFi-kontrollaren køyrer på: Sjekk at UniFi-tenesta er aktiv.
  • Start maskina UniFi-kontrollaren køyrer på, på nytt.
  • Om du køyrer ei virtuell maskin: Sjekk at det virtuelle nettverkskortet tillèt kommunikasjon utanfrå (frå lokalnettverket og inn).
CC BY-SASkrive av Tron Bårdgård.
Sist fagleg oppdatert 22.02.2021

Læringsressursar

Datalab med Windows Server