Hopp til innhald

Fagstoff

Enkelt oppsett av labnettverk

Eit åtskilt lokalnettverk med ruter og svitsj er nyttig når vi skal simulere eit bedriftsnettverk og fritt kunne teste serverprogramvare. Ruteren skil nettverka og sikrar at aktivitet på andre testnettverk ikkje forstyrrar nettverket ditt.
Nærbilete av pluggen på ein nettverkskabel. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Oppsett av labnettverk

I denne guidedelen går vi gjennom oppsett av labnettverk ved hjelp av generisk ruter og svitsj. Spesielle tilpassingar og informasjon om konfigurasjon får du frå læraren din.

Dersom du set opp nettverk ved hjelp av utstyr av typen UniFi frå produsenten Ubiquiti eller typen Omada frå TP-link, kan det vere at du må følge ein annan guide. Høyr med læraren din om korleis du skal gå fram vidare.

For å setje opp eit eige labnettverk treng du minst to komponentar: ein ruter og ein svitsj.

Lokalnettverket ditt startar med ruteren, som rutar datapakkar mellom forskjellige nettverk. Mot internett bruker han WAN-porten (Wide Area Network). Internt i nettverket ditt bruker han LAN-porten (Local Area Network).

Med ein svitsj kan du kople til maskiner og utstyr i det lokale nettverket. Kople éin av portane på svitsjen til LAN-porten på ruteren. Kople server og eventuelle klientdatamaskiner til ledige portar på svitsjen.

Nettverket ditt bør likne på modellen under.


Frå ei sky det står internett på, går det ein raud strek til ein illustrasjon av ein ruter. Derfrå går det ein grøn strek til ein svitsj, og streken går vidare til ei stasjonær datamaskin. Rundt skya med internett går det ei raud stipla linje merkt WAN. Rundt svitsjen og datamaskina går det ei grøn stipla linje merkt LAN. Ruteren er plassert i midten slik at både den raude og den grøne linja går gjennom han. Illustrasjon.

Nullstille nettverksutstyr

Nettverksutstyr som har vore i bruk tidlegare, vil ofte ha tidlegare konfigurasjon som IP-adresser, brannmur, brukarnamn og passord i bruk. Dette må du slette før du kan bruke utstyret. Dette kallar vi ei fabrikknullstilling (factory reset).

Finn merke, modellnamn og modellnummer på nettverksutstyret ditt. Bruk dette til å finne brukarhandbøkene på nett. I dei finn du framgangsmåtar for å nullstille utstyret.

I brukarhandboka vil det òg stå kva som er standard brukarnamn og passord, som du kan bruke til å logge på etter nullstillinga. Standard-IP-adressa til eininga er det òg lurt å finne.

Dersom du har ein veldig enkel svitsj, er det ikkje sikkert han har nokon påloggings- eller konfigurasjonsmoglegheiter. Dersom dette er tilfellet, er det heller ikkje mogleg å nullstille han. Snakk med læraren din om du er usikker på kva type svitsj du har.

Dersom du bruker ei datamaskin med to nettverkskort som ruter

Det er mogleg å bruke ei datamaskin med to nettverkskort som ruter. Då bruker du spesialprogramvare som pfSense, IPFire eller OPNsense.

Dersom du skal setje opp ein slik ruter, bør du installere dette før du går vidare. Spør læraren din om instruksjonar for denne installasjonen.

Få datamaskina til å vere i same IP-range som ruteren

Ruterar har ofte ein innebygd DHCP-server som gir ut IP-adresser og konfigurasjon i lokalnettverket (LAN).

Når ruteren har starta opp etter nullstillinga, vil han byrje å gi ut adresser til einingar som ønsker det.

Dersom du har ein server eller klient i nettverket som bruker dynamisk IP-adresse (tek imot IP-adresse frå DHCP-tjeneste), kan du følge ein av framgangsmåtane under for å få han til å be om adresse:

  1. Du kan kople nettverkskabelen frå maskina og så kople han til igjen.
  2. Du kan deaktivere og aktivere nettverkskortet (Windows 10).

    1. Bruk den alternative startmenyen, og vel "Network Connections".

    2. Trykk på "Change adapter options".

    3. Dobbeltklikk med musepeikaren på nettverkskortet.
    4. Opne "Ethernet status"-vindauget, og trykk på "Disable". Når nettverkskortet er deaktivert, aktiverer du det igjen.

  3. Du kan deaktivere og aktivere nettverkskortet (Windows 11).

    1. Bruk den alternative startmenyen, og vel "Network Connections".

    2. Trykk på "Advanced network settings" lengst nede på sida.

    3. Oppe under "Network adapters" finn du alle tilkoplingane. Den du er ute etter, heiter sannsynlegvis "ethernet", trykk på "Disable"-knappen ved sida av denne.

    4. Etter nokre sekund kan du så trykke på den same knappen, no med tittelen "Enable".

  4. Bruk kommandolinja (CMD) eller Powershell og bruk desse kommandoane:

    1. ipconfig /release

    2. ipconfig /renew

Sjekke IP-adressa til maskina og ruteren

For å sjå kva for IP-adresse datamaskina fekk, og kva som er IP-adressa til ruteren, kan du bruke ein av desse to metodane:

  1. Sjekk via "Ethernet status":

    1. Bruk den alternative startmenyen, og vel "Network Connections".

    2. Trykk på "Change adapter options".

    3. Dobbeltklikk med musepeikaren på nettverkskortet.
    4. Opne "Ethernet status"-vindauget, og trykk på "Details …". No får du opp eit nytt vindauge, og her skal du sjå etter "IPv4 address" (som viser IP-adressa til nettverkskortet) og "IPv4 Default Gateway" (som viser IP-adressa til ruteren).

  2. Bruk kommandolinja (CMD) og denne kommandoen:

    1. ipconfig /all

    2. Du vil få opp ei detaljert liste over alle nettverkskorta (både fysiske og virtuelle). Sjå etter "Ethernet adapter". Sjå etter "IPv4 address" (som viser IP-adressa til nettverkskortet) og "IPv4 Default Gateway" (som viser IP-adressa til ruteren).

Dersom IP-adressa er 169.254.xxx.xxx

Dersom ei datamaskin (utan statisk IP-adresse) blir kopla til eit nettverk som ikkje har DHCP-teneste tilgjengeleg, til dømes fordi ruteren ikkje er ferdig starta opp, vil ikkje maskina få IP-adresse eller annan informasjon. I slike tilfelle vil Windows-maskiner velje seg ei IP-adresse i adresseområdet 169.254.xxx.xxx.

Prøv å be om ny adresse (som beskrive over), og sjekk eventuelt at nettverkskablar er i orden, at datamaskina er kopla til svitsjen, og at svitsjen er kopla til LAN-porten på ruteren.

Dersom du har brukt ei datamaskin med to nettverkskort som ruter, med IPFire, pfSense, OPNsense eller annan spesialprogramvare, kan det skje at nettverkskortet som var sett opp til LAN og WAN, har blitt bytt om. Byt om på kablane, og prøv å be om ny adresse (som beskrive over).

Konfigurasjon av ruter

I dei fleste tilfelle kan du fjernstyre/konfigurere ruteren via eit nettlesarbasert brukargrensesnitt. Opne nettlesaren og skriv inn IP-adressa til ruteren.

Dersom du treng brukarnamn og passord for å logge på, sjekkar du kva som er standard brukarnamn og passord.

Snakk med læraren din om instruksjonar for konfigurasjon av den ruteren du bruker.

CC BY-SASkrive av Tron Bårdgård.
Sist fagleg oppdatert 09.02.2021

Læringsressursar

Datalab med Windows Server