Hopp til innhald

Fagstoff

Setje opp UniFi-nettverk

Eit åtskilt lokalnettverk med ruter og svitsj er nyttig når vi skal simulere eit bedriftsnettverk og fritt kunne teste server-programvare. Ruteren skil nettverka og sikrar at aktivitet på andre testnettverk ikkje forstyrrar ditt.
Nærbilete av pluggen på ein nettverkskabel. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Denne guiden er tilpassa bruk av Ubiquiti UniFi-nettverksutstyr i testlab.

Om du bruker anna utstyr enn UniFi i nettverket ditt, har vi eigne ressursar på NDLA du kan bruke. Det kan òg vere lurt å snakke med læraren din om det er ein spesiell framgangsmåte det er ønskt at du skal bruke.

Oppsett av labnettverk med UniFi

For å setje opp ein testlab treng du ein Unifi-ruter og ein svitsj (helst òg av typen UniFi).

Nettverket ditt startar med ruteren, som rutar datapakker mellom ulike nettverk. Opp mot internett bruker han WAN1-porten (Wide Area Network). Internt i nettverket ditt bruker han LAN1-porten (Local Area Network).

Svitsjen gjer det mogleg å kople fleire maskiner og meir utstyr til det lokale nettverket. Éin av portane på svitsjen er kopla til LAN1-porten på ruteren, mens server og eventuelle klientdatamaskiner er kopla til ledige portar på svitsjen.

Frå ei sky det står «internett» på, går det ein raud strek til ein illustrasjon av ein ruter. Derfrå går det ein grøn strek til ein svitsj, og streken går vidare til ei stasjonær datamaskin. Kring skya med internett går det ei raud, stipla linje merkt «WAN». Kring svitsjen og datamaskina går det ei grøn, stipla linje merkt «LAN». Ruteren er plassert i midten slik at både den raude og den grøne linja går gjennom han. Illustrasjon.

Nullstille nettverksutstyr

Når du har kopla opp og starta nettverksutstyret, må du kunne vurdere om det er nødvendig å nullstille (factory reset) noko av det før du kan ta det i bruk i testoppsettet ditt.

UniFi-nettverksutstyr har eit statuslys som med ulike fargar og blinkingar gir informasjon om statusen til eininga. Statuslyset er som oftast plassert i eller nært produktlogoen. Under ser du ei liste over dei vanlegaste statusane.

Farge og blinkemønster

Forklaring

kvitt lys som blinkar to gonger per sekund

Eininga er i ferd med å starte opp. Dette tek normalt ca. eit minutt.

fast kvitt lys

Eininga er ferdig starta opp og ventar på å bli adoptert inn til ein nettverkskontrollar.

fast blått lys

Eininga er ferdig starta opp og høyrer til ein nettverkskontrollar.

hurtig blinkande kvitt lys

Det har oppstått ein feil som gjer at eininga ikkje fungerer skikkeleg. Skru ho av og på igjen, og ta kontakt med læraren om feilen framleis er der.

hurtig blinkande kvitt og blått lys

Eininga blir oppdatert. Straumen må ikkje koplast frå mens oppdateringa held på.

Om statuslyset på ruteren eller svitsjen lyser blått utan blinking etter oppstart, betyr det at eininga allereie høyrer til ein nettverkskontrollar. I slike tilfelle må du manuelt nullstille eininga eller einingane. Følg prosedyren under for å nullstille UniFi-utstyr.

Prosedyre for nullstilling (Reset to Factory Default)

  1. La nettverkseininga starte opp (til ho viser eit fast blått lys).
  2. Nettverkseiningane har ein knapp for nullstilling (merkt «Reset») på baksida eller undersida. Trykk og hald han inne, til dømes med ein utbretta binders.
  3. Hald inne knappen i rundt 10 sekund. Når eininga restartar (statuslyset blir mørkt), kan du sleppe knappen.
  4. Om eininga blei nullstilt, vil ho vise eit fast kvitt lys når ho er ferdig med restarten. Om ho ikkje gjer det, må du prøve på nytt og eventuelt be læraren din om hjelp.
CC BY-SASkrive av Tron Bårdgård.
Sist fagleg oppdatert 01.02.2021

Læringsressursar

Datalab med Windows Server