Hopp til innhald

Fagstoff

Setje opp TP-link Omada-nettverk

TP-link Omada er ein serie med nettverksutstyr som passar for testoppsett og mellomstore bedriftsoppsett. Ruteren skil nettverka og sikrar at aktivitet på andre testnettverk ikkje forstyrrar ditt.
Nærbilete av pluggen på ein nettverkskabel. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Denne guiden er tilpassa bruk av TP-link Omada-nettverksutstyr i testlab.

Dersom du bruker anna utstyr enn TP-link Omada i nettverket ditt, har vi eigne ressursar på NDLA du kan bruke. Det kan òg vere lurt å snakke med læraren din om det er ein spesiell framgangsmåte hen ønsker du skal bruke.

To metallboksar står oppå kvarandre på ei hylle, begge har fleire lys og nettverkssportar på framsida. Den eine er merkt "Router", og den andre er merkt "Switch". Ein kabel går mellom einingane. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

For å setje opp ein testlab treng du ein Omada-ruter og ein svitsj (helst også av typen Omada). Nettverkskontrollar for å styre einingane set vi opp som ei virtuell maskin i Windows server. Aksesspunkt for trådlaustnett kan eventuelt koplast til seinare.

Nettverket ditt startar med ruteren, som rutar datapakkar mellom ulike nettverk. Opp mot internett bruker han WAN1-porten (Wide Area Network). Internt i nettverket ditt bruker han ein av LAN-portane (Local Area Network).

Svitsjen gjer det mogleg å kople fleire maskiner og meir utstyr til det lokale nettverket. Éin av portane på svitsjen er kopla til LAN1-porten på ruteren, mens server og eventuelle klientdatamaskiner er kopla til ledige porter på svitsjen.

Frå ei sky det står "internett" på, går det ein raud strek til ein illustrasjon av ein ruter. Derfrå går det ein grøn strek til ein svitsj, og streken går vidare til ei stasjonær datamaskin. Rundt skya med internett går det ei raud stipla linje merka "WAN". Rundt svitsjen og datamaskina går det ei grøn stipla linje merka "LAN". Ruteren er plassert i midten slik at både den raude og den grøne linja går igjennom han. Illustrasjon.

Nullstille nettverksutstyr

Når du har kopla opp og starta nettverksutstyret, må du kunne vurdere om det er nødvendig å nullstille (factory reset) noko av det før du kan ta det i bruk i testoppsettet ditt.

Start opp nettverksutstyret, trykk så inn "reset"-knappen på fronten med ein binders eller ein annan tynn pinne. Hald inn "reset"-knappen til lyset merkt "SYS" begynner å blinke hurtig, dette tek rundt fem sekund. Slepp så knappen.

Utstyret vil no nullstille seg, denne prosessen tek eit par minutt.

Du kan no kople til datamaskina di med nettverkskabel og begynne konfigurasjon av ruteren din.

CC BY-SASkrive av Tron Bårdgård.
Sist fagleg oppdatert 23.01.2023

Læringsressursar

Datalab med Windows Server