Hopp til innhald

Fagstoff

Deaktivere eksisterande DHCP-server

For at domenekontrollaren skal kunne utføre alle oppgåvene sine og det skal vere mogleg å knyte klientmaskiner til domenet, må det setjast opp ein DHCP-server i Windows Server. Denne må òg ta over for eksisterande DHCP-teneste som køyrer frå ruteren i nettverket.
Eit elektronisk skilt med teksten "DHCP: No Service" på. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

DHCP (Dynamic Host Configuration Protocol) er tenesta som deler ut IP-adresser og nødvendig nettverksinformasjon til einingar i lokalnettverket. I enkle nettverk køyrer DHCP-tenesta på ruteren. Når vi bygger ut eit nettverk med ein domenekontrollar, ønsker vi at domenekontrollaren skal ha styring på IP-adressene i lokalnettverket, og at alle einingane i nettverket skal bruke DNS-serveren domenekontrollaren styrer. Derfor må vi setje opp ein DHCP-server i Windows Server og fjerne eller deaktivere den som køyrer frå ruteren.

Sjekke IP-konfigurasjon gitt av gammal DHCP-server

Kople deg til Windows 10-klientmaskina di.

Trykk på startmenyen, og skriv inn "CMD". Opne "Command Prompt", eller "leietekst" om du har norsk språk på maskina.

I leietekstvindauget skriv du inn ipconfig /all og trykker på enter. Maskina vil no vise IP-konfigurasjonen til alle nettverkskorta. Sjå etter "Ethernet adapter".

Sjekk at "DHCP Enabled" er sett til "Yes". Om ikkje har maskina ei statisk IP-adresse. Dette må eventuelt endrast til dynamisk.

Køyr ipconfig /all på nytt etter justeringa for å sjekke at maskina har fått IP-adresse og annan IP-informasjon via DHCP.

I dei fleste oppsett vil adressene for "Default Gateway", "DHCP Server" og "DNS Servers" vere identiske. Det betyr at ruteren køyrer DHCP-tenesta, og DNS-oppslag går direkte til ruteren (som så sender dei til ein DNS-server på internett). Vi tilrår at du tek eit skjermbilete av IP-konfigurasjonen du får opp.

Under ser du eit døme på korleis IP-konfigurasjonen kan sjå ut.

Utklipp frå leietekstvindauget (CMD) før ny DHCP-server er sett i drift. Det viser at DNS og DHCP kjem frå same IP-adresse som Gateway. Skjermbilete.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Deaktivere eksisterande DHCP-teneste

Eit logisk nettverk bør ikkje ha meir enn éi aktiv DHCP-teneste om gongen. Det er derfor lurt å deaktivere den gamle før ein aktiverer den nye. Framgangsmåten for deaktivering avheng av kva type ruter du har i nettverket.

Obs!

I aktive bedriftsnettverk bør perioden nettverket er utan aktiv DHCP-teneste, vere så kort som mogleg. Utan aktiv DHCP-teneste vil ikkje nye klientar som blir kopla til, få nødvendig IP-konfigurasjon og dermed ikkje tilgang til internett eller lokale tenester.

Deaktivere DHCP i UniFi-kontrollaren

Om du bruker UniFi-nettverksutstyr som er adoptert av UniFi-nettverkskontrollaren, må DHCP-tenesta deaktiverast frå kontrollarprogramvara.

Logg inn på UniFi-kontrollaren din (https://IP-adresse:8443) frå ein Chrome-nettlesar.

Nedst i sidemenyen vel du "Settings".

Utklipp frå nettlesar som viser hovudsida (dashboard) til UniFi-kontrollaren. Skjermbilete.

Gå til "Networks"-menyen. Trykk på "Edit" for "LAN"-nettverket.

Gå ned i konfigurasjonen til du kjem til "DHCP Mode". Vel "None".

Utklipp frå "Edit Network – Lan". Det viser felt for konfigurasjon av DHCP-teneste. Skjermbilete.

Nede på sida vil det no komme fram ein knapp merkt "Save". Trykk på han for å lagre endringane.

Ruteren vil no få ein ny konfigurasjon (provisioning). Dette kan ta opptil eit minutt. Når dette er ferdig, er DHCP-server og -teneste deaktivert på ruteren.

Neste steg er å installere og konfigurere DHCP-tenesta i Windows Server.

Deaktivere DHCP i Omada-kontrollaren

I Omada-kontrollaren går du inn i innstillingar og vel "Wired Networks" og "LAN". Du får no opp ei liste med LAN-tilkoplingar. Til høgre på linja vel du "Edit".

Webgrensesnitt med felt for å konfigurere lokalt nettverk. Skjermbilde.

Gå ned til feltet merkt "DHCP Server:" og fjern krysset frå "Enable". Trykk så på "Save" nedst på sida.

Utsnitt frå det førre biletet som viser at det er kryssa av på "Enable" ved DHCP Server. Skjermbilete.
CC BY-SASkrive av Tron Bårdgård.
Sist fagleg oppdatert 19.10.2023

Læringsressursar

Datalab med Windows Server