Hopp til innhald

Fagstoff

Drivarar

Drivarane fortel operativsystemet korleis tilkopla maskinvareeiningar kan kontaktast og styrast. Operativsystemet er ofte i stand til å finne passande drivarar sjølv, og då går prosessen saumlaust for brukaren. Andre gonger må drivarane setjast opp manuelt.
Programvindauge til Device Manager. Vi ser ei lang liste med maskinvarekategoriar. Under kategorien «Other Devices» ligg det fire einingar som manglar drivarar. Skjermbilete.

Kva er drivarar?

Som del av ei datamaskin kan vi ha einingar i ulike kategoriar, til dømes lydkort, skjermkort, skrivarar, hovudkort, brikkesett og lagringskontrollarar. I kvar kategori finst det tallause variantar, modellar og produsentar, og alle desse fungerer litt ulikt frå kvarandre. Dette skaper utfordringar for operativsystemet, som må kunne styre alle einingane som er kopla til datamaskina.

Dersom operativsystemet skulle ha hatt instruksjonar om korleis det kan styre alle typar einingar som finst, ville storleiken på operativsystemet blitt enorm og umogleg å halde oppdatert (spesielt før dei fleste datamaskiner var tilkopla nettverk og internett).

Drivarar er løysinga på dette problemet. Drivarane er laga for eit spesifikt operativsystem og fortel det korleis ei spesifikk eining kan brukast/styrast.

Operativsystem modell. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Det er opp til produsentane av einingane å lage drivarar for dei operativsystema som dei meiner er relevante. Det er òg vanleg å lage til dømes skjermkort slik at dei òg kan fungere med ein standarddrivar (slik at skjermen viser eit skjermbilete, men med låg oppløysing og lite av funksjonaliteten tilgjengeleg).

I Windows-baserte operativsystem er drivarane ofte lagra i INF-filer (filnamn som sluttar på .inf). Om ein vanleg drivarinstallasjon ikkje fungerer, kan INF-fila med drivaren leggjast manuelt til eininga i Einingshandsaming (Device Manager).

Korleis einingane identifiserer seg

Tilkopla maskinvare, som PCI-, PCI Express- og USB-einingar, identifiserer seg for maskina ved hjelp av «Vendor ID», som viser til produsentnamnet, og «Device ID», som viser til ein spesifikk maskinvaremodell. Ofte blir òg «Device Class» presentert, som er kategorien eininga høyrer til. Samla identifiserer dette eininga slik at operativsystemet kan få kopla til den riktige drivaren (om han er tilgjengeleg).

Tilkopla einingar presenterer seg for BIOS/UEFI ved oppstart, og delar av dette blir vidareformidla til operativsystemet. Einingar som blir kopla til mens maskina er i gang, som USB-einingar, blir fanga opp av eigne prosessar og får ein drivar tilknytt mens maskina går. Denne funksjonen er opphavet til omgrepet «Plug and Play».

Om du ønskjer å bla eller søkje i ID-registera for PCI og USB, er desse offentleg tilgjengelege her:

The PCI ID Repository

The USB ID Repository

Kjelder for drivarar

Datamaskiner hentar drivarar frå nokre vanlege kjelder.

Installasjonsmediet til operativsystemet

Når ein installerer operativsystemet, følgjer det med eit sett med drivarar på installasjonsmediet (eksempelvis USB-minnepenn). Dette er ofte ein kombinasjon av mykje brukte drivarar og generiske drivarar som sikrar minimumsfunksjonalitet for mange ulike utstyrsmodellar i ein maskinvarekategori.

Liste over einingskategoriar. Drivaren «Microsoft Basic Display Adapter» er lagd inn under kategorien «Display Adapters». Skjermbilete.

Eit typisk døme på generiske drivarar er «Microsoft Basic Display Adapter». Denne drivaren blir brukt i Windows-operativsystem og fungerer med dei fleste skjermkort. Han gjer det mogleg å vise skjermbilete på dataskjermen, men oppløysinga vil vere låg, og avansert funksjonalitet på skjermkortet er deaktivert. Spesielt for skjermkort er det ønskjeleg å få bytt ut den generiske drivaren med ein som er laga spesifikt for maskinvara som er i bruk.

Drivarbasen til operativsystemet på nettet

Operativsystemprodusentane har som oftast eit stort drivararkiv tilgjengeleg på internett. Produsentane av einingane (maskinvara) føreslår eller legg sjølv inn drivarane dei ønskjer at skal brukast.

Når ei datamaskin er ferdig installert, kan det vere greitt å kople ho til internett og la ho søkje etter drivarar i drivarbasen for operativsystemet. Då kan einingar som manglar drivarar, få drivarar, og einingar med eldre drivarar kan få installert nyare drivarar (som vil ha færre feil enn eldre drivarar).

Microsoft har ei nettside der du kan søkje i drivarbasen deira. Om du søkjer etter ein produsent (til dømes Intel), får du opp modellane dei har drivarar for, og kva OS-versjonar drivarane fungerer på.

Drivarar frå produsentane

Tidlegare blei drivarar leverte med einingane, som oftast på ein CD. CD-ar er ikkje lenger så mykje i bruk, og dei fleste lastar derfor ned drivarar frå nettsida til leverandøren (om operativsystemet ikkje finn passande drivarar sjølv).

Ein fordel med å bruke drivarar direkte frå maskinvareprodusenten er at dei vil vere dei nyaste og mest oppdaterte av alle alternativa.

Om du får problem med at einingar er ustabile eller ikkje fungerer optimalt, kan det ofte hjelpe å installere nyare drivarar.

Nye drivarar kan nokre gonger introdusere nye feil. Då kan det vere nødvendig å gå tilbake til ein tidlegare versjon av drivaren (driver rollback). Framgangsmåten for dette varierer frå operativsystem til operativsystem.

CC BY-SASkrive av Tron Bårdgård.
Sist fagleg oppdatert 20.01.2021

Læringsressursar

Datasystem