Hopp til innhald

Fagstoff

Opne og proprietære standardar

Standardar er reglar eller definisjonar til eit objekt eller ein funksjon. Standardar blir brukte overalt. Reglane og definisjonane til mange standardar er opne og kan brukast vederlagsfritt av alle. Andre er lukka – proprietære. Dei kan vere hemmelege, eller det kan vere ulovleg å bruke dei.
Vegskilt med teksten"Rules apply". Himmel i bakgrunnen. Foto.

Kort om standardar

Skrue og mutter. Foto.

Standardar er i bruk på mange område når menneske samarbeider. Døme på dette kan vere handel, kommunikasjon, konstruksjon og produksjon.

Før den industrielle revolusjonen var standardane ofte lokalt eller nasjonalt definerte. Auka handel og samarbeid om produksjon gjorde at det vart eit behov for internasjonale standardar. I dag har vi fleire standardiseringsorganisasjonar (standardautoritet) som definerer internasjonale standardar.

Teikning som viser gjenga på ein skrue og ein mutter, med dimensjonar og vinkelgrad. Illustrasjon.

Vi omgir oss med standardar og utstyr laga etter standardar heile tida. Ofte tenker vi ikkje eingong over det.

Eit døme er skruar og mutrar. Ein av standardane vi bruker, er ISO 261 metric screw thread. Denne beskriv former, dimensjonar, vinklar og feiltoleransar som skal til for å lage ein skrue og ein mutter som passar saman. Alle som følger standarden, vil lage produkt som fungere saman.

Omgrepet standard har fleire bruksområde. I denne teksten vil vi ta for oss formaliserte standardar. Dette vil seie at standarden er detaljert beskriven.

Før dei store fellesstandardane innan IT

Tidlege datamaskiner, spelkonsollar og til og med mobiltelefonar brukte ofte eigne proprietære standardar på fysiske kontaktar, protokollar og programvare. Desse kunne vere unike for ei bedrift eller for ein serie av utstyr som ei bedrift laga. Sjølv utstyr så enkelt som ei data-mus eller tastatur kunne i mange tilfelle ikkje blir brukte mellom ulike datamaskiner.

Det var ei rekke årsaker til at det vart brukt eigne proprietære standardar:

  • Utstyr kom levert med alt eksternt utstyr som leverandøren meinte det var aktuelt å kople til.
  • Det mangla fellesstandardar som dekte behovet.
  • Produsentar ønskte å sikre at utstyr som vart kopla til, ikkje ville gi brukaren ei dårleg oppleving.
  • Produsentar ønskte å hindre konkurrentar i å skape monopol-situasjonar.

I dag har vi heldigvis gått bort frå mange av dei proprietære standardane, delvis på grunn av samarbeid mellom utstyrsprodusentane og delvis på grunn av krav sette av styresmakter. Eit døme på eit slikt krav er korleis mobiltelefonar frå dei fleste produsentar i dag blir lada med USB-C. Dette gjer at du ikkje treng ein ny ladar kvar gong du får deg ein ny mobiltelefon.

Standardtypane

Vi kan dele standardar inn i opne og proprietær (lukka) standardar.

Open standard

Open standard må ikkje forvekslast med open kjeldekode. Det er likskapar mellom desse, og prosjekt er ofte begge delar, men dei er ikkje det same.

Ein open standard har ope tilgjengeleg dokumentasjon. Han er fri for alle å bruke og er i utgangspunktet gratis. Standarden er definert eller styrt av ein organisasjon (standardautoritet). Organisasjonen har ofte enkeltmedlemmer som er spesialistar innan området der standarden skal brukast. Bedrifter som har behov for standarden er òg med i organisasjonen. Standardautoriteten eig ofte merkenamnet til standarden.

Nærbilete av ein nettlesar på ein dataskjerm. Foto.

Når ein open standard skal lagast eller forandrast, blir dette gjord i samarbeid, og avgjerder blir teken i fellesskap (konsensus).

World Wide Web Consortium (W3C) eit eit døme på ein organisasjon som styrer standardar og protokollar relaterte til web, som HTML, CSS og SVG (for bilete).

Opne standardar med restriksjonar

Tekst i form av ein USB Type A-plugg. Teksten er CERTIFIED USB TM. Illustrasjon.

Nokre standardar er hovudsakleg opne, men med nokre spesifikke restriksjonar. USB-standardane som USB Implementers Forum (USB-IF) styrer, er eit godt døme på dette.

Det meste av dokumentasjonen om korleis USB fungerer, er open og tilgjengeleg. Dette gjer at du fritt kan lage produkt som er USB-kompatible. Men USB-logoane og -merkenamn er verna og kan ikkje brukast utan godkjenning. For å få ei slik godkjenning må produktet gå gjennom testing og sertifisering. Som oftast vil dette innebere at du må skaffe deg ein USB vendor ID (VID). Det kostar mellom 35 000 kroner og 50 000 kroner i året (tal frå 2022).

På denne måten sikrar USB-IF seg inntekt og at produkt som er merkte med USB eller USB-logo, faktisk følger standardane på ein korrekt måte.

Proprietær (lukka) standard

Ein lukka standard blir utvikla av og er eigd av ein person, ei bedrift eller ein organisasjon. Dokumentasjonen som er nødvendig for å bruke standarden eller lage kompatible produkt, er ikkje gjord tilgjengeleg for allmenta. Eigaren av standarden kan selje rettar til andre så dei kan bruke standarden eller halde han heilt intern for bedrifta.

Lukka standardar var lenge hovudregelen innan IT, men i dag er dei meir og meir opne.

Eit døme på ein lukka standard er Microsofts filsystem NTFS. Filsystemet blir brukt av alle Windows-operativsystem og gjer det mogleg å flytte lagringseiningar mellom Windows-maskiner. Fordi filsystemet vart halde lukka (proprietært), var det ikkje mogleg for maskiner med andre operativsystem å lese eller skrive til lagringseininga som hadde NTFS-filsystem. Dette hindra bedrifter og privatpersonar i å ha varierte oppsett, noko som gav Microsoft ein konkurransefordel.

Ved å analysere og dekonstruere korleis filsystemet fungerte, kunne eksterne etter kvart lage programvare som ganske påliteleg kunne lese og seinare skrive til lagringseiningar med NTFS-filsystem. Desse vart inkluderte i andre operativsystem som Linux og Mac OS X.

Dekonstruksjon av programvare (reverse engineering) er i ei lovmessig gråsone. I åndsverkslova § 42 blir det kalla omvend utvikling, og det er tillate i enkelte tilfelle.

Relatert innhald

CC BY-SASkrive av Tron Bårdgård.
Sist fagleg oppdatert 27.03.2022

Læringsressursar

Datasystem