Hopp til innhald

Fagartikkel

Operativsystem

Eit operativsystem (OS) er ein type grunnleggjande programvare som styrer og fordeler ressursane i datamaskinen. Det ligg mellom maskinvara og programma vi bruker. Operativsystemet gir oss brukarar tekst og grafiske brukargrensesnitt som vi styrer datamaskinen med.

LK20
Brukargrensesnitt på ein dataskjerm. Nedst er det ei startlinje med ikon og klokke. Foto.

Skjermbilete av det grafiske brukargrensesnittet til Mandriva Linux 2011

Behovet for og utviklinga av operativsystem

Ein mann og ei kvinne står framfor ein gammaldags datamaskin som består av mange komponentar og leidningar som er monterte langs veggane i eit rom. Foto.

Døme på ein tidleg datamaskin

Dei første datamaskinane var enorme og tok opp store rom. Desse hadde ikkje operativsystem. Programma som skulle køyrast, blei lasta inn og sette i gang manuelt. Desse maskinane kunne berre køyre eitt program om gongen, og programma som skulle køyrast, måtte tilpassast til den spesifikke maskinvara. Dette gjorde at eit program som var laga for éin maskin, ikkje ville fungere på ein annan utan store omskrivingar.

Etter kvart blei datamaskinane kraftigare, og det blei behov for å kunne køyre ulike program etter kvarandre automatisk. Det blei derfor laga programvare for å styre slik satsvis behandling (batch processing).

Seinare blei det mogleg å køyre fleire dataprogram samtidig. I tillegg kunne fleire brukarar samtidig kople seg til datamaskinen gjennom ulike terminalar. Dette danna grunnlaget for dei første operativsystema, som kunne styre ressursane i datamaskinen mellom fleire program og brukarar. Når operativsystemet handterte kommunikasjonen med tilkopla einingar som skrivarar, bandarkiv og liknande, blei det mogleg å lage program som kunne køyre på ulike datamaskinar (men som brukte det same operativsystemet).

I denne videoen frå Crash Course kan du lære meir om utviklinga av operativsystem.

Dagens operativsystem handterer mange oppgåver, mellom anna sikkerheit, ressursprioritering, brukarstyring, einingsdrivarar, nettverk og brukargrensesnitt. I animasjonen under kan du sjå nokre døme på oppgåver som operativsystemet tek seg av i vanlege datamaskinar.

Dagens operativsystem

Mobiltelefon med appar. Foto.

Smarttelefon med applikasjonar

Det finst i dag mange ulike operativsystem som dekkjer ulike behov. Mange kjenner til Windows, macOS og Chrome OS, som blir brukte på stasjonære og berbare datamaskinar. Men mange andre einingar har òg operativsystem. Mobiltelefonar og nettbrett bruker til dømes hovudsakleg Android, iOS eller iPadOS.

Minibank der skjermen viser logoen til operativsystemet OS/2. Foto.

Vi finn operativsystem mange stader. Faktisk har det meste av avansert elektronikk eit operativsystem.

Serverar bruker Windows Server eller ein av mange Linux-distribusjonar.

Mange system har ein innebygd datamaskin, og alle desse har eit operativsystem. Døme på dette er minibankar, infotavler på tog og buss, smart-TV-ar, medisinsk utstyr, bilar, fly, nettverksutstyr og smartklokker.

Dei ulike operativsystema er ofte tilpassa det spesifikke behovet dei skal dekkje, men ofte har dei mykje kode og funksjonalitet til felles. Linux-kjernen er eit godt døme på dette. Han er lik på tvers av utstyr, anten det gjeld smartklokker, smart-TV-ar eller bilar. Forskjellen består i at ein legg ulik programvare saman med kjernen på utstyret og brukargrensesnittet vi bruker for å styre systemet.

I dette videoklippet fortel Bill Gates, skaparen av Windows, litt om operativsystemet si rolle i datamaskinen.

Brukargrensesnitta til operativsystema

Det er via brukargrensesnittet vi kommuniserer med datamaskinen og operativsystemet.

Kommandolinje (CLI)

Kommandoen «ipconfig» blir send til maskinen, og eit svar beståande av mange linjer kjem tilbake. Foto.

Ipconfig er ein nyttig kommando som kan brukast i CMD-vindauget på Windows-maskinar. Linux bruker liknande kommandoar.

Tekstbasert brukargrensesnitt var ein tidleg variant, og det blir framleis mykje brukt på serverar. Tekstkommandoar blir sende til datamaskinen via tastatur anten lokalt eller via terminalvindauge frå ein annan datamaskin. Datamaskinen utfører kommandoane og sender resultatet tilbake som tekst.

Tekstbasert interaksjon mot operativsystem og programvare tek tid å lære, men gir ofte fleire moglegheiter for detaljstyring enn grafiske brukargrensesnitt. Styring med tekst er òg lite krevjande for maskinvara. Det er spesielt praktisk på utstyr der prosessoren er svak, eller der ein ønskjer å bruke mest mogleg av maskinkapasiteten til andre oppgåver, til dømes til å levere servertenester til brukarar.

Grafisk brukargrensesnitt (GUI)

Brukargrensesnitt på ein dataskjerm. Nedst er det ei startlinje med ikon og klokke. Foto.

Skjermbilete av det grafiske brukargrensesnittet til Mandriva Linux 2011

Dei fleste er vane med at datamaskinar og mobiltelefonar har eit grafisk brukargrensesnitt. Vi kallar det ofte eit GUI (Grafical User Interface), og det gir oss moglegheit til å styre datamaskinen ved hjelp av datamus eller berøringsskjerm i tillegg til tastatur. Vi har ikon og kan køyre fleire program samtidig i kvar sine vindauge.

Allereie på 1960-talet eksperimenterte ein med grafisk brukargrensesnitt, men det var først på midten av 1980-talet at dei begynte å bli vanlege. Apple var tidleg ute med GUI til datamaskinane sine. Dei henta mykje inspirasjon frå Xerox, som hadde utvikla mange av konsepta som blei brukte for å lage eit GUI. Apple sin største konkurrent, Microsoft, lanserte Windows 1.0 i 1985, men det var først med versjon 3.0 i 1990 at Windows begynte å bli populært. Også andre operativsystem med grafisk brukargrensesnitt blei lanserte på denne tida, men Apple og Microsoft var dei to store, og dei eksisterer framleis.

Webgrensesnitt (Web GUI)

Nettlesar som viser informasjon frå ein kontrollar i et trådlaust nett hos ei stor bedrift. Skjermbilete.

Mange tenester kan styrast via ein nettlesar. Dette kallar vi ofte for eit webgrensesnitt.

Mykje utstyr er i dag tilkopla nettverk og internett heile tida. Det har derfor blitt vanleg å fjernstyre både tenester og OS-funksjonar frå webgrensesnitt. Eit webgrensesnitt blir drive av webserveren på eininga og gir tilgang til å styre delar av eininga sitt operativsystem. Spesielt nettverksutstyr kan ofte fjernstyrast via webgrensesnitt.

Webgrensesnitt er som oftast utvikla for å gi brukaren enkel tilgang til å konfigurere og styre systemet, men dei manglar ofte moglegheit for detaljstyring. For å få full tilgang kan ein måtte kople seg til med terminal og bruke tekstkommandoar.

Sist oppdatert 27.04.2020
Skrive av Tron Bårdgård

Læringsressursar

Datasystem