Dessertar
Etter ein salt middag smakar det ofte godt med noko søtt eller syrleg. Oppgåva til desserten er å runde av måltidet og setje prikken over i-en. Vi kan lage dessertar i tallause variasjonar, og dei er som oftast ei oppleving for både auge og gane.