Oppgåve
Variantar av sjokolademousse
Sjokolade finst i mange variantar og kvalitetar. Kor mykje kakaomasse og tilsett sukker sjokoladen inneheld, påverkar både smak og konsistens på produktet.
Gå saman i par og lag sjokolademousse. Fordel slik at nokre grupper bruker kvit sjokolade, nokre grupper bruker mjølkesjokolade, og nokre grupper bruker mørk sjokolade.
Lag ulike variantar av sjokolademousse, og vurder smak og konsistens på dei ulike variantane.
Ingrediensar
Til 12 personar.
5 egg
150 g sjokolade
Framgangsmåte
Skil egga i plommer og eggekvitar.
Smelt sjokoladen over vassbad.
Stivpisk eggekvitane.
Rør inn eggeplommer i den smelta sjokoladen.
Løft inn dei stivpiska eggekvitane i sjokoladen, 1/3 av gongen. Ha over i glas, i ei eigna form eller i sprøytepose for å sprøyte ut moussen.
Er det stor forskjell i smak?
Er det stor forskjell i konsistens?
Kva synest de smakte best?