Hopp til innhald

Fagstoff

Tillaging av fennikel

Grønsaker gir deg fleire gode moglegheiter til å nytte ulike tillagingsmetodar. Vi har valt å fokusere på tre ulike tillagingar av den flotte grønsaka fennikel, som du kanskje kjenner?

Fennikel er aromatisk og frigjer eteriske oljer som du vil kjenne godt på lukt og smak. Fennikel har ikkje mykje naturleg stivelse, og derfor eignar han seg ikkje så godt til puré.

Det følgjer ofte med fennikelgras, desse små grøne vekstane midt på fennikelen. Desse må du hugse å nytte, dei smaker godt og er svært aromatiske. Dei eignar seg som pynt, anten som heile grasbitar lagde på ein rett eller finhakka og vende inn i ein rett.

Dei små ringane av dei tynne stilkene er fine å skjere heilt tynne og nytte rå i ein salat, mens den kraftige delen av fennikelen er nydeleg å varmebehandle.

Oppskrifter

Vi har valt å vise tre ulike metodar her: heilbakt med olje og pepar, råmarinert som crudité og smørdampa.

Bakt fennikel

Baking av grønsaker gir mykje smak, fordi du konsentrerer smaken av råvara under tillaging. Ved heilbaking av fennikel kan du nytte heile fennikelen i retten, noko som er berekraftig og økonomisk.

Ingrediensar

Ein bit bakt fennikel pent lagt opp på tallerken med fennikelgras på toppen. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge
  • 1 stk. stor fennikel

  • 1 stk. sitron

  • 1 ts fennikelfrø, rista

  • 1 ts svart tellicherrypepar, rista

  • 2 ms olivenolje

  • ½ ts flaksalt

Framgangsmåte

  1. I ei tørr panne ristar du fennikelfrø og svart pepar på middels høg varme. Då får du fram dei gode aromaene frå dei tørka kryddera.

  2. Knus rista pepar og fennikelfrø i ei krydderkvern eller mortar.

  3. Skjer av toppen på fennikelen, dei grøne stilkene kan nyttast til andre rettar. Hugs at det fine fennikelgraset kan nyttast som ei urt på rettar.

  4. Skjer ei skive sitron. Bruk eitt ark aluminiumsfolie og eitt ark bakepapir. Ha folien i botnen og legg bakepapiret oppå.

  5. Set fennikelen på sitronskiva og topp med ½ ts av fennikelfrø-miksen og salt. Topp med olivenolje og pakk folien rundt fennikelen. Bak i omn ved 180 gradar i cirka 45 minutt til han er mør.

  6. Ta fennikelen ut av omnen når han er mør, og del han i fire like båtar. Ha over litt av krafta som ligg igjen i bakepapiret. Pynt gjerne med det grøne fennikelgraset.

Sylta og råmarinert fennikel

Når du syltar, får du fram smaken, samtidig som du konserverer råvara slik at ha kan bli lagra i lang tid. Råmarinering eller crudité er eit mykje nytta garnityr av fennikel. Hugs å kutte syltynne skiver. Du marinerer med syre, salt og olje.

Ingrediensar

Ein fennikelsalat pent lagt opp på tallerken. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

  • 1 stk. fennikel

  • 1 dl kvitvineddik

  • 2 dl sukker

  • 3 dl vatn

  • 5 g fennikelfrø

  • olivenolje

  • sitron

  • flaksalt

Framgangsmåte

  1. Rist fennikelfrø i kjelen til dei blir varme, då får du fram den gode aromaen. Ha så i vatn, sukker og eddik. Kok opp under lokk. Det er berekraftig å nytte lokk, for då nyttar vi ikkje for mykje energi til å koke opp.

  2. Reins av det grøne fennikelgraset. Dette nyttar du som frisk urt i salaten til slutt.

  3. Høvl fennikelen på mandolinen. Høvl dei grøne stilkane tynt. Høvl ned på eit bakepapir, det gjer jobben enklare etterpå. Denne første delen av fennikelen skal nyttast til crudidté. Legg det derfor i isvatn.

  4. Så høvlar du resten av fennikelen og har over i ein bolle. Sil syltelaken over denne halvparten av fennikelen. La dette avkjøle seg.

  5. Ta opp fennikelen frå isvatnet og la han renne godt av seg. Gjer det same med den fennikelen som har vore i syltelaken.

  6. Bland dette i ein bolle, og smak til med litt sitronsaft, olivenolje og salt.

  7. Finkutt det grøne fennikelgraset, bland dette inn, og server salaten.

Smørdampa fennikel

Smørdamping er eit omgrep som ofte blir misbrukt. Mange nyttar mykje vatn og lite smør. Då blir det koking i vatn og smør, altså ikkje smørdamping. Her skal vi vise korleis ein smørdampar.

Ingrediensar

Smørdampa fennikel pent lagt opp på ein kvit tallerken. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge
  • 1 stk. fennikel

  • 2 ms smør

  • 1 dl vatn

  • salt

Framgangsmåte

  1. Start med å kutte fennikelen til ønskt storleik og form. Her har vi valt halve ringar. Pass på at storleiken er lik på det du kuttar. Ta vekk stilken, han eignar seg ikkje så godt til smørdamping. Skulle fennikelen ha litt grønt fennikelgras på seg, ta vare på det og finhakk det. Det kan nyttast på fennikelen etter at han er dampa.

  2. Ha vatn og smør i ei gryte. Kok opp. Ha så i fennikel, kok opp og kok til fennikelen er mør, men framleis har litt kjerne.

  3. Smak til med salt. Ha fennikelen over i ein sil, og la smørvatnet renne av. Dette smørvatnet er svært aromatisk og kan enkelt nyttast til ein saus.

  4. Bland inn finhakka fennikelgras. Legg den smørdampa fennikelen på ein tallerken.

CC BY-SASkrive av Frode Selvaag.
Sist fagleg oppdatert 05.05.2021

Læringsressursar

Tillaging av grønsaker