Hopp til innhald

Fagstoff

Fritering av grønsaker

Fritering vil seie at grønsakene blir steikte i varmt feitt. Du kan nytte ein elektrisk frityrkokar eller ei jerngryte. Det går òg an å fritere i ei steikjepanne med berre litt olje i.
Ferdig friterte jordskokkchips i ei frityrkorg som står på ei skjerefjøl. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge


Olje som eignar seg til frityrsteiking, er olje som toler høg temperatur og har ein nøytral smak, slik som raps- eller solsikkeolje.

Temperatur

Vi friterer på ein temperatur på rundt 180 gradar. For å teste om olja er passeleg varm, kan du stikke ei tresleiv ned i ho. Olja er varm nok viss det byrjar å bruse rundt skaftet. Hugs at olja held ein høg temperatur og kan ta fyr, ha derfor alltid eit lokk tilgjengeleg for å sløkkje ein eventuell brann. Du må aldri kaste vatn på frityren, då vil han eksplodere.

Vi kan fritere grønsaker på fleire måtar:

  • fritering naturell
  • fritering av grønsaker som er dyppa i frityrrøre
  • fritering av panert råvare eller råvare pakka inn i deig

Under får du sjå framgangsmåtar for nokre av dei ulike variantane.

Chips av rotgrønsaker

Gulrot, jordskokk, pastinakk, betar og sellerirot er grønsaker som eignar seg til å lage chips av.

Framgangsmåte

  1. Reins og skjer grønsakene i tynne skiver ved hjelp av ein mandolin.
  2. Friter skivene gylne i ei nøytral olje. Pass på at du ikkje har for mykje i frityren på ein gong, då blir temperaturen på olja senka, og skivene blir blaute i staden for sprø.
  3. Ta opp skivene med ei hòlsleiv når dei er gylne og sprø, og legg dei på eit papir for avrenning. Krydre med salt før servering.

Laukringar

Vi kan lage laukringar ved å dyppe ringane i ei frityrrøre eller ved å panere dei først, slik vi viser her.

Framgangsmåte

  1. Skrell ein lauk og del han i litt tjukke skiver.
  2. Gjer klar paneringa: ei skål med mjøl, ei skål med samanvispa egg og ei skål med griljermjøl.
  3. Dypp laukringane i mjølet, så i egget og til slutt i griljermjølet.
  4. Friter i varm frityr til ringane er gylne og sprø, ta dei opp med ei hòlsleiv og la dei renne av på papir.
Ein paneringsstasjon som består av ei skål med kveitemjøl, ei skål med egg og ei skål med griljermjøl. I skåla med egg blir det dyppa laukringar ved hjelp av ein gaffel. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Grønsakstempura

Tempura er ein rett som stammar frå Japan. Han består av grønsaker og sjømat som blir dyppa i ei tynn røre og frityrsteikt. Blomkål, paprika, squash, brokkoli, asparges, sukkererter og lauk er døme på grønsaker som eignar seg til tempura.

Framgangsmåte

  1. Lag ei frityrrøre på basis av kveitemjøl og/eller maisenna, stivpiska eggekvitar og ei væske som vatn med kolsyre, vatn eller øl.
  2. Reins og kutt grønsaker i jamne bitar.
  3. Dypp grønsaksbitane i røra og friter til dei er gylne og sprø.
  4. Ta opp bitane med ei hòlsleiv, og la dei renne av på papir. Server med ein god dipp.
CC BY-SASkrive av Jannike Gausdal.
Sist fagleg oppdatert 03.03.2021

Læringsressursar

Tillaging av grønsaker