Hopp til innhald
Oppgåve

Variantar av blomkål

Når du varmebehandlar blomkålbukettane, tilset væske og mosar dette saman, får du ein blomkålpuré. Både blada og stilken kan vi varmebehandle og ete. Alt på blomkålen kan bli nytta i matlaging.

Oppgåve

Du skal i denne oppgåva lage til heile blomkålen, men på ulike måtar.

  • Lage blomkålpuré på tre ulike måtar.
  • Bake blomkålstilken i omn.
  • Blansjere og smørdunste blomkålblada.

Legg opp dette fint og kreativt dandert på ein tallerken. Etterpå skal du vurdere følgjande punkt:

  1. Smak på alle tre variantane av blomkålpuré. Fortel kva som kjenneteiknar smaksbiletet i alle tre puréane.
  2. Kva variant vart den beste på smak? Kvifor?
  3. Kva synest du om smak og konsistens på blomkålblad og blomkålstilk?

Blomkålpuré 1

Ingrediensar

  • 1 blomkål
  • litt fløyte
  • litt mjølk
  • litt smør
  • salt
  • pepar

Framgangsmåte

Reins bort dei grøne blada, skjer ut blomkålstilken og legg dette til side. Del opp bukettar og kok dei i vatn til dei blir møre. Varm opp litt fløyte og mjølk. Sil av vatnet og mos blomkålen ved hjelp av ein stavmiksar eller blender. Spe inn litt fløyte og mjølk, og køyr blandinga til ho er glatt og fin. Smak til med litt smør, salt og pepar.

Blomkålpuré 2

Ingrediensar

  • 1 blomkål
  • litt fløyte
  • litt mjølk
  • litt smør
  • salt
  • pepar

Framgangsmåte

Reins bort dei grøne blada, skjer ut blomkålstilken og legg dette til side. Kok blomkålbukettane i fløyte og mjølk til dei blir møre. Sil av væska og mos blomkålen med ein stavmiksar eller blender. Spe inn mjølk og fløyte til du får riktig konsistens. Smak til med litt smør, salt og pepar.

Blomkålpuré 3

Ingrediensar

  • 1 blomkål
  • sjalottlauk
  • olje eller smør
  • litt fløyte
  • litt mjølk
  • litt smør
  • salt
  • pepar

Framgangsmåte

Reins bort dei grøne blada, skjer ut blomkålstilken og legg dette til side. Steik blomkålbukettane i varm panne med litt sjalottlauk og olje eller smør. Brun av bukettane slik at dei får både farge og smak. Kok dette saman med fløyte og mjølk til dei er møre. Sil av væska og mos blomkålen med ein stavmiksar eller blender. Spe inn væska til du får ønskt konsistens. Smak til med litt smør, salt og pepar.

Smørdunsta blomkålblad

Framgangsmåte

Kok opp ein kasserolle med vatn og litt salt. Legg blomkålblada i kokevatnet i cirka 1 minutt. Avkjøl så i isvatn.

Ta blomkålblada opp av isvatnet og tørk av.

Kok opp smør og litt vatn. Legg blada i den oppkokte blandinga i cirka 1 minutt. Legg opp på tallerken saman med stilk og puré.

Omnsbakt blomkålstilk

Ingrediensar

  • blomkålstilk

  • olivenolje
  • heil pepar
  • fennikelfrø
  • anisfrø
  • havsalt

Framgangsmåte

Bruk stilken på blomkålen. Skrell han litt med ein potetskrellar til du blir kvitt det ytste og mest trevlete laget. Steik pepar og fennikelfrø litt i ei panne og knus det med ein mortar saman med anisfrø.

Del så "treet" i to, pensle det med litt olivenolje og krydre med røsta pepar, fennikelfrø, anisfrø og litt havsalt.

Bak dei halve trea i omnen til dei er gylne og møre ved 200 gradar i cirka 25 minutt.