Hopp til innhald

Fagstoff

Tillaging av blomkål

Blomkål er i familie med kål og er ei grønsak vi dyrkar mykje av i Noreg. Sesongen er frå juni til september, så det gjeld å finne tillagingsmetodar som kan ta vare på den gode smaken utanom sesong.

Visste du at blomkål er kålblomster som veks saman? Derav namnet. Den kjøtfulle, kompakte blomsterstanden dannar sjølve blomkålhovudet. Oftast finn du blomkålen kvit eller kremfarga, men han dukkar òg opp i fargar som raud, lilla, gul og grøn. Blomkål er rik på vitamin C og kostfiber. Smaken er søtleg, og søtleiken blir forsterka ved varmebehandling.

Norsk blomkål er ei berekraftig grønsak. Du kan nytte alt på blomkålen, både stilken, blada og blomsterhovudet. Hugs å vaske det godt, fordi det kan innehalde restar av jord.

Oppskrifter

Vi har teke føre oss tre ulike metodar for å lage blomkål. Om du kombinerer alle desse tre ulike tillagingsmetodane, har du laga ein rett som står godt åleine som ein flott vegetarrett. Elles kan du kalle det ein trio av blomkål som grønsaksgarnityr til ein forrett eller hovudrett.

Blomkålpuré

Blomkålpuré er mykje nytta, av den enkle grunnen at det er eit veldig godt tilbehøyr til mange ulike rettar.

Vi kan lage blomkålpuré på fleire måtar. Vi kan koke blomkålen mør i mjølk, i vatn eller steikje han mør i ei steikjepanne. I denne oppskrifta har vi valt ein vegansk variant, fordi det å lage vegetariske og veganske rettar blir meir og meir vanleg. Sjølv om meieriprodukt er erstatta med nøtter, får du framleis ein god og smakfull puré.

Ein grønsakspuré bør ha ein glatt og smidig konsistens. Viss grønsakene ikkje er godt nok kokte, kan resultatet fort bli "grautete" i konsistensen. Hugs å køyre puréen lenge nok i blenderen.

Ingrediensar

Ein klatt med blomkålpuré på ein kvit tallerken. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

  • 1 blomkål

  • 2 ms solsikkeolje

  • 100 g cashewnøtter

  • ½ l vatn

  • salt, sitron og kajennepepar

Framgangsmåte

  1. Reins blomkålen for dei grovaste blada (mindre blad eignar seg fint til puré). Skjer så blomkålen i grove bitar, ta òg med stilken.

  2. Ha solsikkeolje i ei steikjepanne, og set på medium varme. Tilset blomkålen og steik under omrøring til han er gyllen og mør, cirka 15–20 minutt.

  3. Når blomkålen er mør, tilset du cashewnøtter og steikjer i ytterlegare 3–4 minutt. Tilsett vatn og kok i 5 minutt. Ha det heile i ein blender og køyr til puréen er glatt og smidig. Smak til med salt, kajennepepar og nokre dropar sitron.

Blomkålpuré eignar seg ypparleg som garnityr til eit stykke fisk eller kjøt, eller som ein komponent i ein forrett eller ein rein blomkålrett.

Heilbakt blomkål

Når du baker blomkålen i heil form, tek du vare på all den gode og naturlege smaken. Du kan tilføre smak både før og etter at han er ferdig bakt, og det er berre fantasien som set grenser. Her skal du lære korleis du heilsteikjer blomkål, der du tilset smak både før, undervegs og etter steiking. Denne prosessen sørgjer for at han både blir jamnare steikt og får ei finare steikjeskorpe.

Ingrediensar

Ein heilbakt blomkål blir delt i to med ein kniv. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

  • 1 blomkål

  • 1 heil kvitlauk (i fedd som er delte i to, med skal)

  • 100 g smør

  • saft og skal av ½ sitron

  • 1 bunt salvie

  • salt

  • 1 ms kvitvineddik

Framgangsmåte

  1. Forvarm omnen til 180 gradar.

  2. Smelt smør og tilset kvitlauk. La det koke til smøret er nøttebrunt, og trekk det til side. Tilset salvie og eddik, smak til med salt.

  3. Reins blomkålen for eventuelle blad. Blada kan du nytte som til dømes eit garnityr til ein salat.

  4. Set blomkålen i ei eldfast form, og tilset smøret med kvitlauken og salvien. Bak blomkålen i omnen i cirka 40 minutt. Det er viktig at du auser smøret over blomkålen i omnen undervegs, slik at den gode smaken set seg. Ta blomkålen ut av omnen når han er mør.

  5. Del blomkålen i fire båtar, og steik han i ei panne saman med kvitlauk og salviesmøret til han er gyllen på begge snittflatene.

Den saftige og møre grønsaka eignar seg både som ein eigen rett og som eit garnityr. Det er smakstilsetjingar som er avgjerande for kva du ønskjer å servere til.

Sylta blomkål

Den norske blomkålsesongen er kort, men sylting ein fantastisk måte å forlengje han på. Sjølve syltinga tilfører friskheit og tek vare på den sprø og gode konsistensen.

Ingrediensar

Blomkålbitar på eit glas med lokk. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

  • 1 blomkål

  • salta vatn

  • 200 g sukker

  • 3 dl vatn

  • 2 dl eddik

Framgangsmåte

  1. Kok opp sukker, eddik og vatn og avkjøl.

  2. Ta blada av blomkålen, del blomkålen i fine små bukettar, og skjer stilken i skiver.

  3. Kok opp vatn og salt, ha i alle blomkålbitane og kok til dei er møre, cirka 3–4 minutt. Avkjøl blomkålen i isvatn, og ha han over i eit glas.

  4. Tilset syltelaken og ha på lokk. Oppbevar på kjøl.

Sylta blomkål er brukeleg til mykje og passar til veldig mykje ulikt, til dømes grillmat, i salatar, i supper, som garnityr til både hovudrettar og forrettar. Smaken er frisk og syrleg.

Håper det smaker!

CC BY-SASkrive av Kjartan Skjelde.
Sist fagleg oppdatert 05.05.2021

Læringsressursar

Tillaging av grønsaker