Stua og gratinert
Vi lagar stua grønsaker ved å blande kokte grønsaker med béchamelsaus eller la grønsakene koke i fløyte slik at fløyten tjuknar.
Stua gulrot
Stua gulrot er eit tradisjonelt tilbehøyr som passar spesielt godt til fiskerettar.
Framgangsmåte
Skrell og kutt gulrota i skiver eller terningar.
Kok gulrota til ho er mør, men med litt fast kjerne. Hell av kokevatnet, men ta vare på det slik at du kan nytte det til å smaksetje og eventuelt regulere konsistensen på stuinga om det trengst.
Lag ein litt tjukk béchamelsaus. Hell sausen litt etter litt over gulrøtene og ikkje motsett, slik at det ikkje blir for mykje saus i forhold til gulrøter. Smak til og server.
Gratinering vil seie at du gir ein rett ei gyllen steikjeskorpe ved å nytte sterk overvarme i steikjeomnen eller nyttar grillelementet. Til gratineringa er det vanleg å strø retten med riven ost, brødrasp eller nytte ein kvit saus. Her kan du eksperimentere med å nytte ulike typar ostar eller smaksetje med ulike typar urter og krydder.
Gratinert blomkål
Når du lagar gratinert blomkål, kan du velje å servere blomkålen heil eller delt opp i bukettar. Framgangsmåten under viser korleis du gjer det med heil blomkål.
Framgangsmåte
Reins blomkålen for blad, og kok han knapt møyr i lettsalta vatn.
- Hell av kokevatnet og legg blomkålen i ein bakke.
- Lag ein tjukk béchamelsaus, og ha om ønskjeleg litt ost i sausen.
- Hell béchamelsausen over blomkålen, og ha riven ost på toppen.
- Gratiner blomkålen i omnen til overflata har vorte gyllen og fin.
- Server som ein eigen rett saman med litt sprøsteikt bacon, eller bruk han som garnityr til til dømes kjøtrettar.
I denne filmen får du sjå korleis du kan lage gratinert brokkoli.