Hopp til innhald
Oppgåve

Grønsaker i sesong

I dag får vi kjøpt dei fleste grønsaker året rundt. Likevel er det gjennom året sesong for å nytte ulike grønsaker. I denne oppgåva skal du setje deg inn i når dei ulike grønsakene er best.

Oppgåve

Gå saman i grupper på tre–fire elevar. Kvar gruppe får tildelt ein sesong i året (vinter, vår, sommar og haust).

  1. Vel fire ulike grønsaker som er i sesong i den tildelte perioden dykkar.

  2. Finn fire måtar å lage til kvar av desse grønsakene på.

  3. Skriv litt om næringsinnhald og oppbevaring av desse grønsakene.

  4. Mange av grønsakene vi nyttar, blir importerte frå andre land. Finn ut om det er mogleg å få norske grønsaker av dei de har skrive om. Finst det nokon i nærområdet dykkar som dyrkar og leverer desse grønsakene?

  5. Lag ein meny med hovudråvare, grønsaksgarnityr, saus og mettingsgarnityr som er basert på den sesongen de har fått tildelt.

Presenter oppgåva i PowerPoint eller ved hjelp av ein annan type presentasjonsverktøy.

Ekstra

Planlegg og gjennomfør produksjon av den menyen de har kome fram til. De må då bestille råvarer, lage arbeidsplan og leggje opp denne retten på ein kreativ og visuelt tiltalande måte.

Relatert innhald