Oppgåve
Éi grønsak – fleire tillagingsmetodar!
Som oftast lagar vi grønsaker som ein del av garnityret eller tilbehøyret til ein rett. Når du jobbar med grønsaker, har du store moglegheiter til å eksperimentere og variere tillagingsmetodane.
Klassen blir delt inn i fem grupper. Kvar gruppe får kvar si grønsak å jobbe med, til dømes blomkål, gulrot, lauk, kål og fennikel.
- Diskuter i gruppa: Korleis ville de vanlegvis laga til denne grønsaka?
- Gruppa skal finne ut av kva for nokre ulike tillagingsteknikkar som eignar seg til grønsaka si, og lage ein valfri presentasjon av dette. Det kan vere ein plakat, brosjyre, PowerPoint eller liknande. Her er det fint å få med både tradisjonelle tillagingsmetodar og nyare bruk av grønsaka. Bruk kokebøker og internett for å finne informasjon.
- Kvar gruppe presenterer grønsaka si og tillagingsmetodane for dei andre gruppene. Noter stikkord når dei andre presenterer.
- Alle gruppene skal velje seg ut fem av tillagingsmetodane, finne oppskrifter og produsere dei ulike grønsaksrettane på kjøkkenet. Presenter rettane på ein stor grønsaksbuffé.
- Kva hovudråvare (kjøt/fisk) vil desse grønsaksrettane passe til? Grunngi svara.
- Set opp ein meny beståande av hovudråvare, tre av dei grønsaksgarnityra du/de har laga, ein saus og mettingsgarnityr. Planlegg ei praktisk gjennomføring av denne menyen.