Hopp til innhald

Fagstoff

Sylting og fermentering av grønsaker

Sylting er ein mykje nytta konserveringsmetode. Han gjer grønsakene meir haldbare, men gir òg ein syrleg smak. I tunge kjøtrettar med mykje feitt er det ofte naudsynt å få inn litt syre i smaksbiletet. Fermentering er ein gammal konserveringsmetode som òg blir nytta i dag.
Eit opna glas med sylta raudlauk. Foto.

Sylting av grønsaker

Sylting av grønsaker er ein gammal og kjend konserveringsmetode der vi nyttar sukker og syre for å auke haldbarheita på grønsakene.

Sylteteknikken blir nytta for lang oppbevaring, men òg som ein tillagingsmetode for grønsaker for å gi smak og syre i ein rett. Grønsakene kan då nyttast etter kort tid i ein syltelake. Døme er sylta raudlauk, sylta betar og sylta blomkål. Dei fleste grønsaker kan syltast.

Det er òg mogleg å tilføre andre smakar frå urter og krydder i ein syltelake.

Oppskrift på ein syltelake

  • 3 dl vatn

  • 2 dl sukker

  • 1 dl eddik

Bland alt saman og varm opp til sukkeret er løyst opp. Vi kan anten nytta han som ein varm syltelake eller avkjøle og nytte han som ein kald syltelake. Vi kan i tillegg tilføre ulike urter og krydder, til dømes pepar, laurbærblad og kanel.

Fermentering av grønsaker

Når vi fermenterer grønsaker, frukt og bær, er det ofte ved hjelp av mjølkesyrebakteriar. Mjølkesyrebakteriane startar ein gjæringsprosess. Dette gir grønsakene betre haldbarheit, ein syrleg smak og eit særpreg i smaksbiletet. Surkål og kimchi er nokre kjende fermenteringsprodukt av grønsaker.

Når du skal fermentere ved hjelp av mjølkesyrebakteriar, skal du lage eit miljø som desse gunstige bakteriane trivst i, men som andre bakteriar og sopp ikkje liker. Bruk salt og oppbevar i lufttett behaldar ved cirka 20 gradar for å få best resultat.

Forskjellige typar fermenterte grønsaker oppbevarte på glas plasserte i ein vindaugskarm med Barcode i Oslo i bakgrunnen. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge
CC BY-SASkrive av Einar Martin Kålen.
Sist fagleg oppdatert 17.03.2021

Læringsressursar

Tillaging av grønsaker