Hopp til innhald

Fagstoff

Berekraft og grønsaker

Når vi jobbar på eit kjøkken, må vi tenkje over kva slags råvarer vi vel å bruke, og korleis vi kan utnytte og behandle dei for å få ein berekraftig produksjon som hindrar matsvinn.
Ung, kvinneleg kokk kuttar purre i eit kjøkken. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Vi lagar mykje grønsaker på eit kjøkken. Å utnytte ressursane på best mogleg måte er både miljøvenleg og god økonomi for bedrifta.

Ha kontroll på grønsakslageret!

God kontroll på grønsakslageret og ei god varerullering er viktig for å hindre at grønsaker og frukt blir dårlege og må kastast. Planlegg menyen ut frå det du har tilgjengeleg på lageret, og frys ned det du veit at du ikkje får nytta. Hugs at du bør forvelle/blansjere enkelte grønsaker før du frys dei. Ein fast vegetarrett på menyen kan sikre at du får brukt opp alle grønsaker før dei blir dårlege.

Hugs at du ikkje treng å kaste godt modna frukt og grønsaker, men at du kan nytte dei til andre rettar enn først tenkt. Godt modna frukt og bær kan til dømes bli til nydeleg syltetøy, overmodne tomatar kan bli til god saus eller suppe. Brune bananar utviklar ekstra søtleik og er derfor perfekte å nytte i smoothiar eller i bakverk.

Det hender at grønsaker blir lagra litt for lenge og mistar spensten. Slappe grønsaker og salat kan få nytt liv igjen ved å leggje dei i isvatn i 15 minutt. Slappe grønsaker er òg perfekt å putte i ei suppe eller nytte til kraftkoking.

Tenk sesong!

Planlegg gjerne menyen etter kva grønsaker og frukt som er i sesong no. Norske grønsaker og frukt i sesong har kort veg frå jord til bord, og dei krev mindre energi til produksjon, transport og lagring. I tillegg smaker råvarene aller mest når dei er i sesong.

Hindre matsvinn!

Når du lagar grønsaker, er det viktig at du jobbar på ein måte som hindrar at du skreller og kuttar vekk for mykje av grønsakene. Blir det mykje avskjer igjen, er det greitt å ha ein plan for dette. Kan du putte avskjeret i ei suppe, eller kan du nytte det i ein mos?

Skrell frå grønsaker hamnar ofte i matavfallet. Men vi kan samle det opp og nytte det til å koke ei god grønsakskraft. Vi kan òg vaske skrell godt, sprøsteikje det og servere det som snacks.

Ei gulrot blir skrelt i enden med ein gulrotskrellar. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Bruk opp heile grønsaka!

Tradisjonelt har vi kanskje ikkje vore gode nok til å utnytte heile grønsakene. Ofte har vi berre nytta bukettane på brokkolien og kasta stilken.

Stilken frå både brokkoli og blomkål kan etast. Du kan skrelle han og kutte han i tynne skiver til wok, eller du kan nytte han i suppe.

Både beteblad og blada til blomkålen kan nyttast. Du kan nytte dei i supper og i salatar eller smørdampe eller steikje dei. Du kan nytte graset på gulrotbunten på same måte som bladpersille.

Restar av grønsaker

Uansett kor flink du er til å rekne ut porsjonar, hender det at det blir igjen restar av grønsaker. Desse kan du bruke på nytt i ein grateng, omelett, steikt ris, suppe, pai, pytt i panne eller liknande. Her er det berre fantasien som set grenser.

Grønsaker er sunt, billig og klimavenleg

Mange er i dag opptekne av å ta vare på helsa si og ta vare på planeten. Fleire og fleire etterspør meir grønt på menyen og vegetariske alternativ. Og det med god grunn: Frukt og grønsaker er rike på fiber, vitamin og mineral og gir få kaloriar samanlikna med alternative matvarer. I tillegg er det sterke haldepunkt for at grønsaker, frukt og bær reduserer risikoen for ei rekkje sjukdommar, inkludert hjarte- og karsjukdommar, slag og nokre kreftformer. Dei norske kostråda tilrår oss å ete minst fem porsjonar frukt og grønt kvar dag.

I eit berekraftperspektiv er det òg gode grunnar til å ete mykje frukt og grønsaker. Vegetabilske matvarer er mindre ressurskrevjande å produsere og har dermed generelt lågare klimaavtrykk enn animalske produkt. Ved å auke inntaket av plantekost og redusere noko på dei matvarene som er høgare oppe i næringskjeda, kan du vere med på å redusere klimapåverknaden frå matproduksjon.

I tillegg vil rettar som er baserte på plantekost, ofte vere billigare å produsere og dermed gi god økonomi for bedrifta.

Kjelde

Nasjonalt råd for ernæring. (2017). Bærekraftig kosthold – vurdering av de norske kostrådene i et bærekraftperspektiv. https://www.helsedirektoratet.no/rapporter/baerekraftig-kosthold-vurdering-av-de-norske-kostradene-i-et-baerekraftperspektiv.

CC BY-SASkrive av Jannike Gausdal.
Sist fagleg oppdatert 24.02.2021

Læringsressursar

Tillaging av grønsaker