Hopp til innhald

Fagstoff

Tillaging av spinat

Spinat er noko vi bør nytte meir av, det er berekraftig og sunt. Lett å dyrke, lett å nytte og lett å like. Spinat er ei supergrønsak som med veldig djup grøn farge fortel deg at ho er full av smak og kraft. Spinat inneheld både vitamin A, B, C og K og kostfiber.

Spinat blir dyrka i Noreg og er ei utbreidd grønsak over heile verda. Spinat finst som små blad med tynn stengel som eignar seg til salatar og kan etast rå. Litt større og grovare spinat eignar seg meir til puré, stuingar og varmebehandling. Du vil kjenne smaken av spinat som lett søtleg, etter varmebehandling vil han ha meir syrlegheit og opplevast meir kraftfull i smaken.

Vasking av spinat

Det er veldig viktig at vi vaskar spinaten grundig. Spinaten trivst i sandhaldig jord, derfor følger det ofte med jord og sand inn på kjøkkenet. Start med å reinske blada frå stilken. Legg så spinaten i rikeleg med kaldt vatn. Byt gjerne vatn fleire gonger. Sidan spinaten ofte har sand og jord på seg, må vi vere veldig nøyaktige. Etter vaskinga blir spinaten tørka i ei salatslynge eller slyngd i eit kjøkkenhandklede og lagt på papir.

Hugs at stilken òg kan nyttast. Vask han grundig og kutt han i bitar. Då kan du sylte og steikje han. Då får du utnytta heile råvara, og det er eit viktig berekraftsmål.

Spinat bør oppbevarast i plastpose eller boks. Om du merkar at spinaten byrjar å bli slapp, er det er godt tips å legge han i kaldt vatn, då får han spensten tilbake.

Oppskrifter

Her får du oppskrifter på tre ulike måtar å lage spinat på som får fram den gode smaken.

Spinatpuré

Spinatpure er eit dekorativt garnityr som kan passe til retter med ulike råvarer. Her er det viktig å køyre puréen glatt ved å køyre spinaten lenge nok i blenderen.

Ein spinatpuré med frisk grønfarge lagd opp på ein kvit tallerken. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge


Ingrediensar

  • 400 g spinat

  • 1 fedd kvitlauk

  • 30 g sjalottlauk

  • 2 ms solsikkeolje

  • 60 g smør

  • 1 dl kremfløyte

  • salt

  • kajennepepar

Framgangsmåte

  1. Vask og tørk spinaten godt, dette er viktig å unngå å få med vatn.

  2. Finhakk kvitlauk og sjalottlauk. Fres i olje til det er blankt, og ha i spinaten. La spinaten steike til han fell saman.

  3. Ha på fløyte og smør, og kok opp.

  4. Ha spinatblandinga i ein blender. Køyr til ein glatt puré. Hugs å køyre han lenge nok, slik at han får ein glatt konsistens.

  5. Ha puréen over i ei gryte, varm opp og smak til med salt og kajennepepar.

Sautert spinat

Sautert spinat er ein rett som er ypparleg som tilbehøyr til kjøtt, fisk eller fjørfe, eller han står godt som eigen rett.

Sautert spinat lagd opp på ein kvit tallerken. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Ingrediensar


  • 250 g spinat

  • 50 g sjalottlauk

  • 1 fedd kvitlauk

  • 2 ms smør

  • salt og nykverna svart pepar

Framgangsmåte

  1. Vask og tørk spinaten godt, dette er viktig å unngå å få med vatn.

  2. Finhakk sjalottlauk og kvitlauk, og fres i smør til det blir gyllent. Ha i spinaten og steik til spinaten nesten fell heilt saman. Smak til med salt og nykverna pepar.

  3. Legg på eit brett med papir, før du så legg det opp.

Spinat-timbal

Spinat-timbal er ein klassikar som fortener comebacket sitt. Dette er ein berekraftig metode å lage til spinat på. Her kan du nytte spinat som gjerne ikkje har dei finaste blada.

Timbal har namnet sitt frå forma som er rund eller oval. Ein timbal blir kvelva ut av forma etter at han er ferdig, for så å lagast til.

Ein liten, grøn, låg spinatsylinder blir skoren i to med ein liten kniv. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Ingrediensar


  • 150 g spinat (ferdig reinsa)

  • 2 egg

  • 6 g kveitemjøl

  • 1,4 dl kremfløyte

  • 60 g riven ost

  • salt

  • muskatnøtt

Framgangsmåte

  1. Set omnen på 120 gradar. Du kan nytte steam-/dampomn, set han då på 100 gradar.

  2. Set på ein kjele med vatn, kok opp. Ha salt i vatnet som til forvelling: 1 ms salt til 1 liter vatn.

  3. Forvell spinaten i 10 sekund. Ta ut og avkjøl i isvatn. Klem ut så mykje av vatnet som mogleg. Legg spinaten i eit klede eller eit godt papir.

  4. Kok opp fløyte, ha i nyrive muskatnøtt, kveitemjøl og ost. Rør godt saman.

  5. Knekk egga i ein eigen bolle, og visp saman. Hell den varme fløyten over egga og rør godt rundt.

  6. Ha spinaten over i ein blender, og hell røra med egg og fløyte over. Køyr i blender til røra er heilt glatt, slik at du får ut mykje farge frå spinaten.

  7. Sil over i ein kjele, smak til med salt og eventuelt meir muskatnøtt.

  8. Fyll blandinga i smurde former. Set formene i langpanna, og hell på kokande vatn, slik at det blir eit vassbad. Steik i omnen til dei er gjennomsteikte og faste. Det tek cirka 45 minutt.

  9. La timbalane stå litt før du kvelvar dei ut. Dette er ein fin måte å nytte spinat på, her får du eit fint garnityr som passar til mange rettar eller som ein eigen rett.

CC BY-SASkrive av Frode Selvaag.
Sist fagleg oppdatert 05.05.2021

Læringsressursar

Tillaging av grønsaker