Hopp til innhald
Oppgåve

Tillagingsmetodar for grønsaker – temaoppgåve

Dette er ei oppgåve der du må bruke kunnskapane dine om forskjellige tillagingsmetodar for grønsaker og om forskjellige grønsaker og eigenskapane deira.

Målet med denne oppgåva er at du skal

  • vise at du kan nytte forskjellig tillagingsmetodar for grønsaker
  • vite kva for bruksområde dei forskjellige grønsakene har

Informasjon til oppgåvene

Klassen blir delt inn i grupper på tre eller fire. Den teoretiske oppgåva skal de løyse som ei kombinert skuleoppgåve og heimearbeid. Den praktiske oppgåva skal de løyse på skulen.

Teoretisk oppgåve

De skal setje opp tre hovudretter til ein à la carte-meny. Kvar rett skal ha tre forskjellige grønsaker som garnityr, og dei skal lagast til på forskjellige måtar. De vel sjølve om de vil bruke kjøtt eller fisk som hovudråvare. De må skrive oppskrifter til alle dei tre rettene. De skal berekne mengd etter fire personar.

Praktisk oppgåve

Gruppene lagar ein av hovudrettene frå den teoretiske delen. Kvar hovudrett skal bereknast til fire personar.

Kvar gruppe dekkjer sitt bord til fire gjester.

Etter avtale med læraren skal de servere alle rettene til prøvesmaking. Som oppsummering av undervisningsøkta skal kvar gruppe forklare framgangsmåten for grønsakrettene sine for resten av klassen.

De må avtale tidspunkt for måltidet med læraren.

Vurdering

De blir vurderte etter

  • smak og konsistens på grønsaktillagingane
  • kor eigna tillagingsmetoden er til grønsakene