Film og filmklipp
Blansjering av grønsaker
Blansjering er eit anna ord for forvelling. Dette er ei forbehandling av grønsaker som vi gjer for å fjerne bitter smak, forsterke fargen og gjere grønsaka klar for vidare tillaging.
Blansjering er ei forbehandling som sikrar ein meir kontrollert kokeprosess, og som sparer deg for tid ved ferdigstilling og opplegging av retten du lagar.
Ved å blansjere vil du fjerne bitter smak i grønsaka, og du beheld fargen i grønsaka på ein god måte.
Slik blansjerer du grønsaker
- Bruk ein stor kjele med kokande vatn tilsett litt salt og ein bolle med kaldt vatn og is.
- Legg ferdigskrelte grønsaker i det kokande vatnet. Ikkje tilset for mykje om gongen.
- Kok grønsakene til dei er litt møre, og løft dei deretter over i isvatnet med ei hòlsleiv.
- Ta grønsakene opp av isvatnet når dei er avkjølte, og tørk dei. No kan dei liggje til du skal varme dei opp igjen før servering eller nytte dei i ein salat, gryte eller liknande.