Film og filmklipp
Bruk av verneutstyr
Bruk av personleg verneutstyr er ein sentral del av smittevernrutinane i helsetenesta. I denne filmen viser og forklarer sjukepleiar Lisbeth Bergersen rett prosedyre for påkledning og avkledning av stellefrakk, smittefrakk og hanskar for å unngå smittespreiing.
Utfordringar til deg
Kva er forskjellen på ein stellefrakk og ein smittefrakk?
Kva meiner vi med at stellefrakken er pasientbunden?
Mange institusjonar bruker mykje eingongsutstyr, som forkle eller smittefrakkar som blir kasta etter bruk. Drøft med ein medelev kva som er fordelar og ulemper med bruk av eingongsfrakkar.
Relatert innhald
Fagstoff
Arbeidsantrekk og verneutstyrÅ nytte arbeidsantrekk og verneutstyr høyrer til dei grunnleggande smittevernrutinane i helsetenesta.