Hjelpe andre med dusj og bad
Kva utstyr treng du når du skal hjelpe ein brukar med å dusje?
Kva temperatur skal det vere på vatnet?
Sikkerheit for brukaren er viktig. Korleis vil du vareta dette?
Forklar prosedyren for ein dusj med ein brukar.
Korleis kan du tilpasse prosedyren individuelt etter funksjonsnivået og ønska til den enkelte?
Korleis vil du vareta brukarmedverknad i ein slik situasjon?
Kvifor er brukarmedverknad viktig i ein slik situasjon?
Kva må du tenkje på når du nyttar ein dusjstol?
Kva observasjonar gjer du når brukaren dusjar?
Kor ofte skal eldre få dusje? Diskuter i klassen og argumenter for og imot ulike forslag.
Kva utstyr treng du til bad i badekar?
Forklar prosedyren for eit bad.
Korleis kan du tilpasse prosedyren individuelt etter funksjonsnivået og ønska til den enkelte?
Korleis vil du vareta brukarmedverknad i denne situasjonen?
Kvifor bør enkelte pasientar eller brukarar få tilbod om bad i badekar eller badetralle?
Kva kan vere årsaka til at badekar i lita grad blir nytta i institusjonar?
Kva konsekvensar kan det få om utstyr som blir nytta til bading av fleire pasientar eller brukarar, ikkje blir reingjort riktig?
Kva hjelpemiddel finst til dusj og bad? Leit på ulike internettsider. Skriv ned ulike hjelpemiddel som kan nyttast ved dusj og bad.
Korleis bidreg desse hjelpemidla til at pasienten eller brukaren kan klare å gjennomføre dusj eller bad på eiga hand eller med litt hjelp?
Kva har desse hjelpemidla å seie for deg som helsefagarbeidar med tanke på ergonomi?
Relatert innhald
Å bruke kroppen din riktig på jobb er viktig for å unngå skadar og belastningslidingar.
Som helsefagarbeidar er det viktig at du kjenner til dei vanlegaste hjelpemidla og korleis brukaren skal gå fram for å søke om hjelpemiddel.