Hopp til innhald
Fagartikkel

Måling av blodsukker

Omtrent 350 000 nordmenn har diabetes. For lågt eller for høgt blodsukkernivå er ubehageleg, og det kan vere direkte helseskadeleg for pasienten. Korrekt utført måling er derfor viktig for å overvake og regulere blodsukkeret.

Utstyr

  • teststrimlar

  • stikkpenn med ny og skarp lansett

  • blodsukkerapparat

  • tupferar

  • bandasjetape

  • hanskar

Prosedyre

  • Be pasienten om å vaske hendene.

  • Desinfiser dine eigne hender og ta på hanskar.

  • Sjekk utløpsdatoen på teststrimlane.

  • Sett strimmelen i apparatet.

  • Stikk på sida av lange- eller ringfingeren.

  • Få fram ein stor drope blod utan å klemme.

  • Sug opp dropen ved hjelp av teststrimmelen.

  • Legg ein tupfer over stikkstaden.

  • Les av apparatet og dokumenter.

  • Kast lansetten i gul kanyleboks og resten i vanleg avfall.

Utfordringar til deg

  1. Kva er blodsukker?

  2. Kvifor skal du stikke i sida på fingertuppen?

  3. Kvifor skal du kaste lansetten i gul kanyleboks?