Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Måle temperatur

Når vi blir sjuke, er det naturleg å få feber. Då er det fornuftig å måle kroppstemperaturen for å sjå om kroppen sitt eige immunforsvar ordnar opp, eller om det er nødvendig å kontakte lege.
Ung kvinne ligg i senga med eit digitalt termometer i handa. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Oppgåver

  1. Vi måler kroppstemperatur når vi mistenkjer at ein person er i ferd med å bli sjuk. Men kva fortel forhøgd temperatur oss om det som skjer i kroppen?

  2. Kva er den sikraste måten å måle kroppstemperatur på, og kvifor er det slik?

  3. Den normale kroppstemperaturen avheng av målestaden: 36,6 gradar i øyret, 36,5 gradar i munnen og 36,4 gradar i armhòla. Kvifor må vi då leggje til cirka 0,5 gradar til desse måleresultata for å få korrekt kroppstemperatur?

  4. For å få riktig måleresultat bør du alltid måle minst tre gonger med nokre minutts mellomrom og sjå kva gjennomsnittet blir. Dette gjeld ikkje måling i endetarmen. Utfør måling på deg sjølv under armen tre gonger. Kva resultat får du, og kva er snittemperaturen?

  5. Kroppstemperaturen aukar under fysiske krafttak. Mål først temperaturen, ta deretter mellom 10 og 20 armhevingar og mål temperaturen igjen. Kva viser termometeret no?

Relatert innhald

Kroppstemperaturen er ein indikasjon på helsetilstanden til eit menneske. Å måle temperaturen er ein enkel måte å få informasjon om helsetilstanden på.

CC BY-SASkrive av Odd Ragnar Myhr.
Sist fagleg oppdatert 24.11.2021

Læringsressursar

Prosedyrar i grunnleggjande sjukepleie