Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Blodsukkermåling

Vi kan sjekke blodsukkeret på oss sjølve ved å nytte blodsukkermålarar. For personar med diabetes kan det vere nyttig å måle blodsukkeret for å få best mogleg kontroll på det. Dersom dei nyttar insulin, vil målinga vere eit viktig hjelpemiddel for å rekne ut rett insulindose.
Nærbilete av ein strimmel med ein bloddrope på i eit blodsukkerapparat. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Mål blodsukker

  1. Mål blodsukker på deg sjølv.

    1. Registrer resultat.

    2. Diskuter med medelevar korleis det var å gjennomføre blodsukkermåling på seg sjølv.

    3. Ei vanleg blodsukkermåling bør blir teken fastande på morgonen. Kvifor?

  2. Gå saman med ein medelev og gjennomfør måling av blodsukker på kvarandre. Legg til rette "arbeidsplassen" med tanke på føremålstenleg plassering av utstyr (rein/urein sone).

    1. Gi tilbakemeldingar til kvarandre på gjennomføringa.

    2. Korleis vil du opptre fagleg forsvarleg når du måler blodsukker på andre?

  3. Mål blodsukker etter matinntak. Blodsukkeret vårt vil variere noko i løpet av ein dag. Det avheng av matinntak, mengda av karbohydrat i maten og fysisk aktivitet.

    1. Mål blodsukker før matinntak. Skriv ned resultatet.

    2. Et ein tallerken med cornflakes eller honni korn eller liknande, og mål deretter blodsukkeret. Kva er blodsukkernivået no?

    3. Viss det var ei endring: Forklar kvifor endring skjer etter matinntak.

Ein person med eingongshanskar held ei hand med ein bloddrope og held fram eit digitalt analyseapparat for blodprøver. Skjermen på apparatet viser 7,0 mmol/L. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Oppfølging og måling av blodsukkernivået

Som helsefagarbeidar har du under dagvakta ved bustaden ansvar for bebuaren Petter (51) som har diabetes type 1. I dag skal du følgje Petter på treningsstudioet han besøkjer to gonger i veka. Han har tidvis vore plaga med ustabilt blodsukker og blir derfor følgd nøye opp av personalet ved bustaden med måling av blodsukker fleire gonger dagleg. Petter har stått opp og er klar for frukost.

  1. Bør du måle blodsukkernivået før eller etter han har ete frukost? Grunngi svaret ditt.

  2. Kva blir den første målinga etter nattesøvn kalla, og kva er tilrådd blodsukkernivå ved ei slik måling?

  3. Petter har diabetes type 1. Det finst to typar diabetes: type 1 og type 2. Forklar kortfatta den fysiologiske skilnaden på desse to, som begge kan gi utslag i form av ustabilt blodsukker.

  4. Petter liker intensive og harde økter med styrketrening når han besøkjer treningsstudioet. Forklar korleis mengde insulin, ernæring og fysisk aktivitet kan påverke blodsukkernivået.

  5. Nivået av blodsukker blir gitt opp i millimol per liter (mmol/L). Kva blir rekna som før høgt (hyperglykemi) og for lågt blodsukker (hypoglykemi)?

Relatert innhald

CC BY-SASkrive av Odd Ragnar Myhr og Siv Stai.
Sist fagleg oppdatert 05.01.2022

Læringsressursar

Prosedyrar i grunnleggjande sjukepleie