Hopp til innhald
Fagartikkel

Spesielt munnstell

Brukarar som er svært slappe, sjuke eller medvitslause, treng spesielt munnstell. Dei pustar ofte med open munn, noko som fører til at munnhola blir tørr, og det dannar seg lett skorper og belegg. Det kan vere nødvendig å utføre spesielt munnstell fleire gonger i døgnet.

Mange opplever det som vanskeleg at andre skal utføre oppgåver inne i munnen deira. Dette kan henge saman med smerte, ubehag eller at dei opplever det for intimt. Ver forsiktig slik at væske ikkje kjem ned i luftvegane, det kan utløyse brekningar som kan vere ubehagelege og farlege.

Nødvendig utstyr

  • stålbolle og pussbekken
  • låsbar pinsett
  • tupferar eller kompressar
  • trespatel
  • handkle
  • eigna reingjeringsmiddel, vel dette i samråd med lege
  • sitronpinnar eller glyserolpinnar
  • vaselin eller leppepomade til leppene
  • eingongshanskar
  • pose til avfall

Prosedyre

  • Utfør god handhygiene.
  • Informer pasienten. Hugs at medvitslause og svært sjuke pasientar kan oppfatte det som blir sagt.
  • Fjern eventuell tannprotese.
  • Pass på at pasienten anten sit eller ligg på sida for å unngå at vatn kjem ned i lungene.
  • Legg handkleet over brystet for å unngå søl på kleda.
  • Ta på deg hanskar.
  • Bruk spatelen for å halde kinnet til sida og tunga nede slik at du får oversikt i munnen.
  • Observer slimhinna og tunga.
  • Bruk tupferar dyppa i reingjeringsmiddelet til å reingjere munnhola og tunga. Det skal ikkje renne av tupferen!
  • Hugs å vaske tunga frå tungespissen og bakover. Då unngår du brekningar.
  • Sitronpinnar eller glyserolpinnar gir ein frisk smak og fuktar munnen.
  • Reingjer eventuell tannprotese og set han tilbake i munnen.
  • Smør leppene med vaselin eller leppepomade.
  • Utfør god handhygiene.

Hugs

  • Rydd etter deg.
  • Reingjer og desinfiser brukt utstyr. Dersom du har nytta eingongsutstyr, skal du kaste det etter bruk.
  • Dokumenter og rapporter.

Utfordringar til deg

  1. Kva vil du sjå etter når du observerer munnhola?

  2. Korleis vil du gå fram når du skal gi ein pasient spesielt munnstell? Lag gjerne ein illustrasjon.

  3. Kva vil du seie når du skal informere ein pasient før og under spesielt munnstell?

  4. Kva slags utstyr treng du når du skal utføre spesielt munnstell?