Hopp til innhald

Fagstoff

Stell av sår

Alle personar med eit sår er i fare for å få komplikasjonar rundt såret. I tillegg til forseinka tilheiling kan dårleg sårstell føre til infeksjon, smerter, redusert livskvalitet og auka helsekostnader.

Utstyr

  • stellefrakk

  • skiftesett for sår

  • kompressar i riktig storleik

  • fysiologisk saltvatn (NaCl 0,9 %) eller reint vatn frå springen

  • hanskar

  • handdesinfeksjonsmiddel

Prosedyre

  • Ta på stellefrakk og plasser utstyret du skal nytte, i ein trekant, slik at du skil reint utstyr frå ureint utstyr og avfall.

  • Gjennomfør prosedyre for handhygiene og ta på hanskar.

  • Fjern den brukte bandasjen forsiktig, og kast han i søppelposen.

  • Vask såret med reint temperert vatn frå springen, fysiologisk saltvatn eller sårreinsemiddel.

  • Ikkje fjern skorper. Skorpa vernar såret mot smuss og bakteriar, samtidig som ho førebyggjer arr.

  • Tørk forsiktig før du legg på kompress som passar til storleiken og plasseringa av såret.

  • Viss såret er raudt, hovent, meir smertefullt enn vanleg eller det er store forandringar i såret, er det viktig å dokumentere og rapportere til sjukepleiar eller lege. Dette kan vere teikn på infeksjon.

Utfordringar til deg

  1. Kva komplikasjonar kan oppstå dersom ikkje sårstell blir utført på ein fagleg forsvarleg måte?

  2. Kvifor treng du som helsefagarbeidar kompetanse om sår og sårbehandling?

  3. Kvifor er det viktig å tenkje på ergonomi når du skal stelle eit sår?

Relatert innhald

Når vi sit eller ligg, blir kroppen trykt mot underlaget. Dersom trykket varer over tid, kan det oppstå skade på vevet.

CC BY-NC-SASkrive av Odd Ragnar Myhr og Siv Stai.
Sist fagleg oppdatert 05.01.2022

Læringsressursar

Prosedyrar i grunnleggjande sjukepleie