Hopp til innhald

Fagstoff

Hårpleie

Å stelle håret er ein viktig del av den daglege personlege hygienen. Håret vårt er òg nært knytt både til velvære og til identiteten vår.
Kvinneleg helsefagarbeidar i blå uniform rullar håret til ei eldre kvinne. Begge smiler. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Vanlegvis handlar dagleg hårpleie om å greie eller børste håret. Hårvask skjer vanlegvis når brukaren dusjar. Bruk av tørrsjampo kan òg vere ein del av den daglege hårpleia.

Etter hårvasken ønskjer nokon å rulle opp håret eller å få det stelt på ein bestemd måte. Viss brukaren ønskjer det, bør håret klippast og stellast av ein frisør.

Observasjon av hår og hovudbotn høyrer med til oppgåvene til helsefagarbeidaren i samband med hårvask og anna stell av håret.

Hårvask i seng

Viss ein brukar er slapp og sengeliggjande over lengre tid, kan hårvask i seng vere et alternativ. Før ein utfører denne prosedyren, må ein kjenne til tilstanden til brukaren og kva moglegheiter personen har til å bevege på seg. Nokre brukarar kan til dømes ha vanskar med å bevege nakken, og då bør ein ikkje gjennomføre denne prosedyren. Vi bør vere to når vi utfører hårvask i seng.

En mann og ei kvinne vaskar håret til en person som ligg i senga. Begge støttar hovudet til personen, og kvinna tømmer vatn gjennom håret ned i eit vaskefat. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Pass på at du støttar hovudet til brukaren godt, og sørg for at personen ligg i ei mest mogleg behageleg stilling med minst mogleg belasting. Bruk gjerne ekstra puter for å få til dette.

Nødvendig utstyr

  • tynn plast

  • to store handkle og eitt mindre

  • hårsjampo og balsam

  • eventuelt andre hårpleiemiddel

  • vaskefat eller plastbalje

  • hårvaskestativ

  • to vasskanner

  • hårbørste, kam og hårfønar

Prosedyre

  • Utfør prosedyre for god handhygiene.

  • Legg plast på madrassen.

  • Brukaren må liggje så langt nede i senga at du kan setje vaskefatet på madrassen. Alternativt kan du fjerne hovudgavlen, flytte brukaren langt opp i senga og setje utstyret bak hovudenden på senga.

  • Dekk til putene med plast og handkle.

  • Dekk til skuldrene, brystet og halsen med plast og handkle.

  • Vask og skyl håret grundig. Pass på at vatnet er temperert!

  • Bruk balsam eller andre hårpleiemiddel etter behov og etter ønske frå brukaren.

  • Tørk håret med det vesle handkleet.

  • Grei og stell håret etter ønske frå brukaren.

  • Rydd vekk utstyret.

  • Utfør prosedyre for god handhygiene.

Utfordringar til deg

  1. Kor ofte vaskar du håret?

  2. Kva har hår og hårfrisyre å seie for deg?

  3. Kva for brukarar bør få tilbod om hårvask i seng?

  4. Finst det tilfelle der du vil rå frå at de føretek hårvask i seng?

CC BY-NC-SASkrive av Marit Smith Sørhøy, Lillian Brønseth og Wenche Heir.
Sist fagleg oppdatert 04.11.2021

Læringsressursar

Prosedyrar i grunnleggjande sjukepleie