Å reie seng
Legg fram reint tøy du treng til sengeskift, i riktig rekkjefølgje.
laken
silkelaken
stikklaken
kladd
putevar
dynetrekk
Hev senga for riktig ergonomisk arbeidsstilling.
Ta av det gamle sengetøyet, legg det i skittentøysekk og ikkje på golvet.
Plasser dyne og puter på ein stol, slik at det ikkje kjem i kontakt med golv eller liknande.
Vask eventuelt madrasstrekk i plast med desinfeksjonsmiddel viss det er fare for at det har vorte skjemt ut.
Legg på laken/stretchlaken. Pass på at det ligg slett, slik at det ikkje oppstår foldar som kan forårsake liggjesår eller andre komplikasjonar.
Legg på silkelaken viss pasienten må ha hjelp til forflytting.
Legg på stikklaken. Stikklaken hindrar fukt og gjer forflytting av pasienten enklare.
Legg på kladd for å suge opp fukt viss pasienten har uhell med uønskt urinlating eller avføring.
Skift putevar.
Skift dynetrekk. Brett langsidene av dyna innover slik at senga verkar ryddig og innbydande.
Utfordringar til deg
Kvifor må du ha kunnskapar om å reie seng?
Kva må du tenkje på når det gjeld ergonomi og hygiene når du reier ei seng?
Kvifor er det viktig at senga er glatt og at sengetøyet ikkje har nokon skrukkar?
Relatert innhald
Å bruke kroppen din riktig på jobb er viktig for å unngå skadar og belastningslidingar.
Nosokomiale infeksjonar (sjukehusinfeksjonar) påfører pasientane unødige smerter og lidingar. I tillegg medfører infeksjonane auka kostnader for samfunnet.