Tannpuss
Lag ei oversikt over kva utstyr du treng til tannpuss.
Korleis vil du vareta brukarmedverknad når du hjelper ein brukar med å pusse tennene?
Kva observasjonar gjer du av tenner og munnhòle?
Kvifor er det viktig med god tann- og munnhygiene hos eldre menneske?
Sjå video i fagartikkelen om Munn- og tannpleie (ndla.no), og skriv ei liste over kva du må tenkje på når du skal pusse dine eigne eller andre sine tenner.
Gå saman to og to og puss tennene til kvarandre. Skriv ned kva du syntest var vanskeleg, og kva du syntest gjekk bra. Kva lærte du av dette?
Korleis kan de motivere og rettleie ein pasient til munn- og tannpleie?
Finn ut kva rutinar som gjeld for reingjering av tannprotesar, og skriv dei ned.
Kompetansesenteret Tannhelse Midt har utarbeidd munnstellkort (ekstern PDF). Gjer deg kjend med desse korta. Lag eit munnstellkort som gjeld for deg.
Relatert innhald
Pasientar og brukarar har behov for ulik grad av tilrettelegging og hjelp for å utføre personleg hygiene.