Hopp til innhald

Fagstoff

Personleg hygiene

Personleg hygiene har betyding for velværet vårt og er òg viktig for å førebyggje sjukdom. Standarden på den personlege hygienen verkar òg inn på det sosiale livet vårt og menneska rundt oss. Pasientar og brukarar har behov for ulik grad av tilrettelegging og hjelp til å utføre personleg hygiene.
Mann som heller vatn frå ei vasskanne over hovudet sitt utandørs. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Personleg hygiene er eit privat og intimt område, og for helsefagarbeidarar er det derfor viktig å vise respekt for vanane og behova til kvar enkelt. I helsevesenet har vi prosedyrar for korleis vi skal utføre oppgåver knytte til personleg hygiene. Dette er viktig for å sikre kvaliteten på det arbeidet helsefagarbeidarane utfører.

Hygiene og velvære

God personleg hygiene handlar for dei fleste om å oppleve velvære for sin eigen del og for omgivnadene sine. For å førebyggje infeksjonssjukdommar er det naudsynt at den enkelte tek ansvar for den personlege hygienen sin.

Pasientar eller brukarar som er ramma av sjukdom, skade eller som av andre årsaker har nedsett funksjonsevne, kan ha behov for tilrettelegging og hjelp til å utføre oppgåver knytte til personleg hygiene. Graden av hjelp vil vere avhengig av tilstanden til den enkelte. Det er viktig at vi viser respekt for vanane og ønska til pasienten, og evna til å bidra sjølv.

Hygiene og vanar

Den daglege personlege hygienen er for dei fleste ein naturleg start på dagen. Vanane er ulike, nokon tek ein enkel vask, mens andre er vant med den daglege dusjen. Faktorar som vanar, kultur, helsetilstand og praktiske moglegheiter påverkar kva vi gjer.

Følgjande oppgåver reknar vi med til den daglege personlege hygienen:

  • vask og stell av hud og hår
  • munn- og tannpleie
  • fotpleie
  • stell og pleie av negler
  • barbering

Hugs at gjennom personleg hygiene går vi inn på dei aller mest intime sonene til pasienten. Mange pasientar vil oppleve dette som vanskeleg uansett korleis helsetilstanden deira er.

For nokre pasientar vil ikkje eit vanleg dagleg stell vere tilstrekkeleg for at dei skal ha ein god personleg hygiene og oppleve velvære.

Utfordringar til deg

  1. Repeter frå Vg1 kva som blir meint med intime soner. Kvifor trur du det er viktig å vere klar over dette dersom du skal hjelpe nokon med personleg hygiene?
  2. For nokon vil ikkje eit normalt dagleg stell vere tilstrekkeleg for opplevinga deira av velvære. Kan du tenkje deg grunnar til at nokon treng hyppigare stell?
  3. Gå saman tre og tre elevar og fortel kvarandre kva rutinar de har for dykkar eigen personlege hygiene. Kva er ulikt og kva er likt? Kvifor?
  4. Diskuter i klassen kva velvære inneber.

Relatert innhald

For å kunne kommunisere på ein måte som fremjar tryggleik og tillit, bør du kjenne dei uskrivne reglane for kommunikasjon og tolke tilbakemeldingar du får.

Personleg hygiene handlar om vask og stell av kropp, hår, hender, tenner og klede.

CC BY-SASkrive av Wenche Heir og Marit Smith Sørhøy.
Sist fagleg oppdatert 12.04.2021

Læringsressursar

Sjukepleie for helsefagarbeidaren