Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Omsorg og sjukepleie

I jobben som helsefagarbeidar skal du hjelpe menneske som av ulike årsaker ikkje sjølv greier å dekkje dei grunnleggjande behova sine. Kva menneskesyn har du, og kva kompetanse treng du for å kunne utøve god grunnleggjande sjukepleie?
Helsefagarbeidar viser omsorg for mannleg pasient. Han ligg i ei seng, helsefagarbeidaren sit på sengekanten og held han i handa. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Oppgåver

  1. Lag eit tankekart for kvart av omgrepa

    1. grunnleggjande behov
    2. heilskapleg menneskesyn

    3. omsorg

  2. Samanlikn dei tre tankekarta du laga i oppgåve 1 og sjå etter likskapar og skilnader.
    1. Kva har dei til felles?
    2. Lag eit refleksjonsnotat om samanhengen mellom grunnleggjande behov, heilskapleg menneskesyn og omsorg.
  3. Lag ei oversikt over kunnskapar og ferdigheiter du som helsefagarbeidar må ha for å kunne utøve god grunnleggjande sjukepleie til pasientar og brukarar.
  4. Bruk nokre minutt til å reflektere individuelt før de diskuterer i grupper.

    1. I kva vil grad menneskesynet ditt vil påverke utøvinga di av grunnleggjande sjukepleie?
    2. Kva ligg i omgrepet "god grunnleggjande sjukepleie"?
  5. Lag ein skriftleg definisjon i gruppa av "god grunnleggjande sjukepleie" som de presenterer for klassen. Diskuter definisjonane frå dei ulike gruppene, og lag ein felles definisjon som de kan hengje opp i klasserommet.

Relatert innhald

Omsorg er noko som skjer i relasjonen mellom menneske. Det er noko du kjenner, og det handlar om å dekke både fysiske og psykiske behov hos ein annan.

Det blir lagt vekt på at fagarbeidarar innan helse- og oppveksttenestene skal jobbe ut frå eit heilskapleg menneskesyn.

CC BY-SASkrive av Vigdis Haugan.
Sist fagleg oppdatert 02.11.2022

Læringsressursar

Sjukepleie for helsefagarbeidaren