Hopp til innhald

Fagstoff

Kroppstemperatur og feber

Kroppstemperaturen er ein indikasjon på helsetilstanden til eit menneske. Feber kan vere eit symptom på ein infeksjon, men det kan òg vere andre årsaker til forhøgd kroppstemperatur. Å måle temperaturen er ein enkel måte å få informasjon om helsetilstanden på.
Kvinne held seg på panna og viser fram eit termometer som viser 38,25 gradar. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

I arbeidet som helsefagarbeidar vil du møte mange pasientar med feber. Feber er ein auke av kroppstemperaturen til over det normale.

Variasjon i kroppstemperatur

I hjernen ligg eit område som heiter hypothalamus. I hypothalamus ligg senteret som regulerer kroppstemperaturen. Termostaten til mennesket er normalt innstilt på ein temperatur mellom 36 og 37 gradar celsius. Når kroppstemperaturen ikkje stemmer overeins med termostaten, får kroppen beskjed om anten å produsere og halde på varmen eller å kvitte seg med han.

Normal kroppstemperatur ligg gjennomsnittleg på 36,8 gradar celsius. Dette kan likevel variere litt frå person til person, alt frå 36 til 38 gradar kan liggje innanfor normalen. Kroppstemperaturen aukar vanlegvis ein halv grad gjennom dagen. Derfor er kveldstemperaturen høgare enn morgontemperaturen. Dessutan aukar temperaturen ved fysisk aktivitet.

Kva skjer i kroppen ved feber?

Feber er med på å forbetre fleire kjemiske prosessar i immunsystemet – til dømes den evna leukocyttane (dei kvite blodcellene) har til å kjempe mot bakteriar og virus. Leukocyttane er ein viktig del av immunforsvaret. Frå lymfesystemet blir leukocyttane sende til andre delar av kroppen der dei kjenner igjen og øydelegg fiendane til kroppen. Immunsystemet arbeider mest effektivt ved temperaturar mellom 38 og 39 gradar celsius.

Når kroppstemperaturen stig, aukar blodgjennomstrøyminga i kroppen slik at fleire leukocyttar passerer gjennom blodårene. Feber verkar òg inn på molekylært nivå så leukocyttane lettare går inn i lymfevevet. Feber gjer det altså lettare for leukocyttane å kome seg fram til dei delane av kroppen der dei skal kjempe mot ein infeksjon.

Det kan derfor vere gunstig å få feber når ein har ein infeksjon i kroppen. Mennesket toler vanlegvis ikkje feber over 42 gradar. Ein så høg kroppstemperatur øydelegg proteina i kroppen og kan føre til død. Når temperaturen stig, aukar òg forbruket av oksygen. Det kan forverre sjukdomstilstanden for pasientar med enkelte hjarte- og lungesjukdommar.

Ung kvinne ligg i senga med digitalt termometer i handa. Ho har skjerf rundt halsen og held fingrane mot panna. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Årsaker til feber

Det er vanleg at kroppstemperaturen aukar ved infeksjonssjukdommar. Kroppstemperaturen kan òg stige ved andre sjukdomstilstandar og andre "unormale" tilstandar i kroppen som

  • brotskadar
  • hjarteinfarkt
  • etter ein operasjon
  • kreft
  • obstipasjon
  • dehydrering
  • reumatiske sjukdommar
  • allergi

Symptom på feber

  • kuldekjensle og frostrier når feberen stig
  • varme og sveitterier når feberen søkk
  • hovudverk
  • svimmelheit
  • ømfintlegheit for lys
  • ømme og verkande musklar og ledd
  • tørste og tørrleik i munnen

Observasjonar ved feber

Ved feber er det viktig å observere korleis helsetilstanden til pasienten utviklar seg. Feberen kan stige raskt og slik forårsake frostanfall og feberkrampar. Vi bør observere følgjande når pasienten har feber:

  • Er huda raud og varm?
  • Har pasienten blanke, matte auge?
  • Er puls og respirasjon raskare enn normalt?
  • Er leppene tørre, eller har pasienten andre symptom på dehydrering?
  • Har pasienten lite og konsentrert urin?
  • Verkar pasienten trøytt og sløv, eventuelt omtåka?
  • Har pasienten teikn på komplikasjonar ved immobilitet?

Relatert innhald

Observasjon er ein metode for å hente inn opplysingar om allmenntilstanden, helsetilstanden og funksjonsnivået til brukaren.

CC BY-SASkrive av Birgit Flaten og Marit Smith Sørhøy.
Sist fagleg oppdatert 19.02.2021

Læringsressursar

Sjukepleie for helsefagarbeidaren