Hopp til innhald

Fagstoff

Kartlegging og behandling av smerter

Smerte er det som pasienten seier at er smerte, og oppstår når pasienten seier at ho gjer det. Berre den som opplever smerta, kan beskrive korleis ho kjennest ut, kor intens ho er, og kor lenge ho varer.
Kvinne ligg på sofa med ei hand på hovudet og ei hand på magen. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Smerte er ei subjektiv oppleving

Skildringa av smerter blir ofte ufullstendig fordi smerteopplevinga rommar meir enn det vi kan seie med ord. Sjølv om pasienten prøver å formidle smerteopplevinga, er personen åleine med kjensla. Viss skildringa av smerta ikkje blir oppfatta som påliteleg av helsepersonell, blir kjensla av einsemd og hjelpeløyse forsterka.

Observasjonar av smerter

  • Kroppshaldning og rørsle: Pasientar med smerter rører seg gjerne forsiktig, trekkjer opp skuldrene og har eit redusert aktivitetsnivå. Ofte held pasienten seg på den staden som gjer vondt.
  • Auge og ansiktsuttrykk: Smerte kan gi eit drege ansikt, og pasienten kan sjå sliten ut. Auga er gjerne matte.
  • Hud: Huda kan bli bleik og klam.
  • Respirasjon: Ved smerte vil respirasjonsfrekvensen kunne auke.
  • Puls og blodtrykk: Desse verdiane aukar ved smerter.
  • Følgjetilstandar som kvalme/brekkingar, nedsett allmenntilstand, angst, depresjon, asosial åtferd, irritabilitet, søvnproblem, uro og rastløyse.

Kartlegging av smerter

For å finne ut meir om smertene til pasienten er det viktig å kartleggje det følgjande:

Tre talinjer som går frå 0 til 10 der alle tala er merkte av med jamne mellomrom. Den øvste linja har berre tal. Den midste har ein stigande fargeskala som går frå lågt grønt på 0 via gult rundt 5 til høgt raudt nivå på 10. Den nedste har ein jamn fargeskala frå grønt via gult til raudt og i tillegg ansiktssymbol med stor smilemunn på 0, lite smil på 2, strekmunn på 4, liten sur munn på 6, brei sur munn på 8 og sur munn og tårer frå det eine auget på 10. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge
  • Kvar sit smerta?

  • Strålar smerta ut nokon stad?

  • Korleis kjennest smerta ut? Er ho til dømes verkande, brennande, stikkande, jagande, murrande, krampeliknande, kriblande?

  • Er smerta konstant eller kjem ho i tak?

  • Sit smerta på same stad eller flyttar ho på seg?

  • Er det noko som gjer at smerta blir forverra eller lindra? Til dømes rørsle, stilling, mat eller drikke, smertestillande medikament.

  • Kor sterk er smerta på ein skala frå ein til ti? Ytterpunkta er null (inga smerte) og ti (maksimal smerte).

Ung jente held ein ispose på eit skadd kne. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Metodar for smertelindring

  • Nedkjøling. Behandling med ispakningar kan lindre smerte mellom anna fordi det dempar betennelsessymptom og reduserer hevelse.
  • Varme. Ved smerter er det mange som har nytte av varmetilførsel via til dømes varmeflaske. Varme skal ikkje nyttast ved betennelsestilstandar fordi det kan forsterke betennelsesreaksjonen.
  • Stabilisering. Dersom akutt smerte aukar ved rørsle, kan det vere smertelindrande å halde smertestaden i ro ved til dømes å stabilisere.
  • Elevasjon. Dersom smerta oppstår i bein eller armar, kan det vere føremålstenleg å heve smertestaden over hjartehøgd. Då vil hevelsen reduserast, og smerta avtek.
  • Aktivitet. Når pasienten er i aktivitet, blir det utskilt endorfin som er kroppen sitt eige naturlege smertestillande middel. Ved aktivitet blir òg merksemda avleidd bort frå smerteopplevinga.
  • Massasje og avspenning. Trykk og berøring kan minske smerter. Avspenningsøvingar med eller utan musikk kan òg verke smertelindrande.
  • TENS (transkutan elektrisk nervestimulering). Ulike nervebanar i kroppen blir stimulerte ved å plassere to eller fleire overflateelektrodar på bestemde stader på kroppen for å oppnå smertelindring.
  • Smertestillande medikament (analgetika) fjernar symptom, men heilar ikkje. Det finst mange ulike typar smertelindrande medikament, og det er legen som føreskriv desse avhengig av smertetype og intensitet. Som helsefagarbeidar må du gjennomføre og bestå kurs i legemiddelhandtering og få delegering av verksemdsleiar for å kunne gi smertestillande medikament.

Utfordringar til deg

  1. Kva er smerte?
  2. Korleis kan observasjonar av allmenntilstand bidra til kartlegging av smerter?
  3. Kvifor blir smerter ofte opplevd sterkare om natta enn på dagtid?


CC BY-SASkrive av Birgit Flaten og Vigdis Haugan.
Sist fagleg oppdatert 25.02.2021

Læringsressursar

Sjukepleie for helsefagarbeidaren