Omsorg og eigenomsorg - Helsefremjande arbeid (HS-HEA vg2) - NDLA

Hopp til innhald
Fagartikkel

Omsorg og eigenomsorg

Eigenomsorg inneber at ein greier å ta vare på eiga helse gjennom å dekkje behov innanfor sine fysiske, psykiske, sosiale, åndelege og kulturelle dimensjonar. Den som meistrar det utan noka form for hjelp eller tilrettelegging, har god eigenomsorg.

Eigenomsorg og eigenomsorgssvikt

Menneske som treng hjelp til å møte krav i kvardagen, har redusert eigenomsorg. Det kallar vi eigenomsorgssvikt. Det er ulike grader av eigenomsorgssvikt. Nokon har evne til å meistre aktivitetar sjølv, men treng rettleiing for å gjennomføre aktivitetane.

Nokon greier å utføre nokre aktivitetar sjølv, men har ulike behov for tilrettelegging eller praktisk hjelp til resten. Andre vil vere fullstendig hjelpetrengande og treng hjelp til alt. Evna til eigenomsorg er avhengig av dei ressursane den enkelte har, kva slags evner og moglegheiter brukaren har til å møte ulike krav og utfordringar i kvardagen.

Eigenomsorgssvikt oppstår når krava til eigenomsorg er større enn dei ressursane brukaren har. Jo større ubalanse det er mellom krav og ressursar, dess større eigenomsorgssvikt.

Å vere hjelpetrengande og rolla til helsefagarbeidaren

Eit menneske med eigenomsorgssvikt vil vere i eit forhold prega av avhengnad til den som skal hjelpe. Det gir deg som helsefagarbeidar ein maktposisjon som du skal vere spesielt merksam på. Om du gløymer å "sjå" brukaren og gir uttrykk for at du har det travelt, kan det lett føre til at brukaren kvir seg for å be om hjelp. Det kan òg setje brukaren i ei passiv rolle, ved at han let deg utføre alle oppgåver fordi det sparar tid for deg.

Å vere hjelpetrengande kan i seg sjølv vere ein stor trussel for sjølvbiletet til brukaren. Enkelte situasjonar, som til dømes hjelp ved toalettbesøk og kroppsvask, kan òg opplevast audmjukande. Nokon synest det er vanskeleg å vere i ei mottakarrolle og vil ikkje vere til bry. Ein som er hjelpetrengande, vil og kunne oppleve at han ikkje har oversikt over eigen helsetilstand. Mangel på informasjon eller informasjon med bruk av vanskelege ord og faguttrykk kan føre til at brukaren kjenner seg både mindreverdig og utrygg.

Om brukaren ikkje får vareteke eigenomsorga si, kan det på sikt føre til at evna til å utføre aktivitetar sjølv blir redusert. Dessutan gir det inga god sjølvkjensle å bli "tatt frå" det ein kan greie sjølv, og brukaren kan bli deprimert og likegyldig.

Omsorg

Omsorg inneber å bry seg om og ta vare på. Å vise omsorg kan til dømes vere at du trøystar nokon som kjenner seg trist, eller at du hjelper til med praktiske gjeremål.

Alle menneske har behov for omsorg, å føle at ein er verdifull og å oppleve at andre bryr seg om korleis ein har det. Det har òg mykje å seie å ha nokon å gi omsorg til, å ha nokon å vere glad i og bry seg om. Både det å gi og det å få omsorg er viktig for både fysisk og psykisk helse, og vi kan derfor seie at omsorg er livsnødvendig.

Utfordringar til deg

  1. Kva legg du i omgrepet omsorg?
  2. Kva inneber eigenomsorg? Sei det med eigne ord, og bruk døme.
  3. Kva legg du i omgrepet eigenomsorgssvikt?
  4. Kva meiner du påverkar evna og moglegheita til eigenomsorg?
  5. Kvifor trur du det kan vere vanskeleg for ein som har redusert eigenomsorg, å vere i ei mottakarrolle? Diskuter i klassen.

Relatert innhald

Fagstoff
Omsorg og service

Omsorg er å ta vare på og å bry seg om nokon. Service handlar om å tilby nokon ei teneste.

Skrive av Lene Fossbråten, Wenche Heir og Marit Smith Sørhøy.
Sist fagleg oppdatert 26.03.2021