Hopp til innhald

Fagstoff

Grunnleggjande sjukepleie

Grunnleggjande sjukepleie handlar om å hjelpe menneske med å få dekt dei grunnleggjande behova sine når dei ikkje er i stand til å ta vare på dette sjølv. Som helsefagarbeidar skal du bidra med kunnskapane og ferdigheitene dine for å yte heilskapleg omsorg til pasientar og brukarar.
Mannleg helsefagarbeidar steller ein eldre pasient. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Kva er sjukepleie?

Florence Nightingale blir ofte omtalt som grunnleggjaren av moderne sjukepleie, og på fødselsdagen hennar 12. mai blir den internasjonale sjukepleiardagen feira. For Florence Nightingale var det viktig at sjukepleie handlar om å pleie den sjuke personen, ikkje sjukdommen. Læreboka hennar Notes on nursing (Håndbok i sykepleie) inneheld konkrete tiltak om korleis sjukepleie skal hjelpe pasientar til å meistre sjukdom og behandling for å bli frisk, leve med sjukdommen eller få ein fredfull død.

Den amerikanske sjukepleiaren Virginia Henderson beskreiv grunnleggjande sjukepleie som å ta vare på dei grunnleggjande behova til pasienten når pasienten ikkje sjølv har styrke, kunnskap eller vilje til å møte desse behova. Ein annan kjend sjukepleieteoretikar, Dorothea Orem, nytta omgrepet eigenomsorgssvikt for å forklare korleis sjukdom kan føre til at menneske ikkje greier å dekkje dei grunnleggjande behova sine.

Grunnleggjande sjukepleie

Grunnleggjande sjukepleie inneber meir enn berre pleie og behandling av sjuke menneske, og det blir utført av både sjukepleiarar, helsefagarbeidarar og andre yrkesgrupper innan pleie og omsorgstenestene. For å kunne gi god sjukepleie må du ha kunnskapar om

  • helsefremjande og førebyggjande arbeid
  • behandling, pleie og lindring
  • habilitering og rehabilitering
  • motivasjon og rettleiing

Rolla di som helsefagarbeidar

Som helsefagarbeidar skal du jobbe ut frå eit heilskapleg menneskesyn og ta omsyn til at menneske har både fysiske, psykiske, sosiale og kulturelle eller åndelege behov. Du treng derfor kompetanse om ulike faktorar som påverkar helse, og du må alltid ta omsyn til dei individuelle behova til den enkelte pasienten eller brukaren.

Det er òg viktig at du kjenner godt til både ditt eige og andre yrkesgrupper sitt kompetanseområde for å kunne samarbeide tverrfagleg om å yte heilskapleg omsorg.

Utfordringar til deg

  1. Kva trur du Florence Nightingale meinte med at sjukepleie handlar om å pleie den sjuke personen, ikkje sjukdommen?
  2. Kva inneber det at du som helsefagarbeidar skal jobbe ut frå eit heilskapleg menneskesyn?
  3. Kvifor er det viktig å ta omsyn til individuelle behov når du skal utføre grunnleggjande sjukepleie?

Kjelder

Kirkevold, M. (2007). Sykepleieteorier. Ad notam Gyldendal.

Mathisen, J. (2006). Sykepleiehistorie. (2. utg.). Universitetsforlaget.

Relatert innhald

Det blir lagt vekt på at fagarbeidarar innan helse- og oppveksttenestene skal jobbe ut frå eit heilskapleg menneskesyn.

I helse- og oppvekstsektoren skal du kunne hjelpe, støtte og rettleie andre menneske til å vareta dei grunnlegjande behova sine.

CC BY-SASkrive av Vigdis Haugan.
Sist fagleg oppdatert 07.12.2022

Læringsressursar

Sjukepleie for helsefagarbeidaren