Hopp til innhald
Oppgåve

Smerter og smertebehandling

Smerter er ei subjektiv oppleving, og det er stor variasjon i korleis ulike menneske gir uttrykk for smerter. I jobben som helsefagarbeidar må du ta i bruk ulike metodar for å observere og kartlegge smerter slik at tiltak for smertebehandling kan setjast i gang.

Diskuter i grupper

  1. Gjer greie for forskjellen på akutte og kroniske smerter.

  2. Korleis kan VAS-skalaen (visuell analog skala) brukast for kartlegging av smerter?

  3. Forbigåande smerter som hovudverk, menstruasjonssmerter eller tannverk kan opplevast svært ulikt for ulike personar. Kva kan vere årsaka til det?

  4. Menneske har ulike måtar å gi uttrykk for smerte på. Kva observasjonar kan vere eit teikn på at nokon har smerter?


Aktivitetsoppgåve

Kroniske smerter medfører at ein må lære seg å handtere og leve med smerter resten av livet. Aktivitet er eit av tiltaka som for nokon kan redusere smerteopplevinga og auke livskvaliteten.

  1. Vel ein diagnose som ofte medfører kroniske smerter.

  2. Lag eit aktivitetsprogram som varer mellom 20 og 30 minutt, som passar for denne pasientgruppa.

  3. Lag ein instruksjonsvideo der de forklarer øvingane og grunngir valet av øvingar.

  4. Gjennomfør opplegget med resten av klassen.

Evaluering

Kvar gruppe evaluerer seg sjølve og opplegget til dei andre gruppene.

  • Kva fungerte bra?

  • Kva kunne vore betre?

  • Vil dette opplegget vere mogleg å gjennomføre der de er i praksis?

Relatert innhald

Fagstoff
Observasjonar i arbeidet

Observasjonane gir deg informasjon slik at du kan kartleggje dei individuelle ressursane og behova til brukaren.

Fagstoff
Dokumentasjon i helsevesenet

Dokumentasjon skal sikre at relevante opplysingar for forsvarleg behandling og pleie blir registrerte, og vareta retten pasienten har til medverknad.