Hopp til innhald

Fagstoff

Soner

For å kunne kommunisere på ein måte som fremjar tryggleik og tillit, bør du kjenne dei uskrivne reglane som gjeld for kommunikasjon, og kunne tolke tilbakemeldingar du får. Dette inneber mellom annet fysisk nærleik og avstand til dei du kommuniserer med.
Menneske i ulik avstand til kvarandre (ulike soner). Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Ulike soner for nærleik i kommunikasjonsprosessen

I yrke i helse- og oppvekstsektoren kjem ein ofte nær inn på menneske. Nokre synest denne nærleiken blir vanskeleg og reagerer med å trekkje seg tilbake. Andre liker å vere i fysisk kontakt med han eller ho dei kommuniserer med. Kva som blir opplevd som behageleg, varierer frå person til person, men det er likevel vanleg å snakke om tre soner for avstand i kommunikasjon.

Den sosiale sona på 1–3 meter

Denne avstanden bruker vi når vi pratar med menneske vi ikkje kjenner så godt, eller som vi ønskjer litt avstand til. Denne avstanden kan gjerast tydelegare ved at ein set seg bak eit skrivebord eller stiller seg bak ein disk. Dersom personar kjem for nær oss, flytter vi oss bort.

Den personlege sona på 0,5–1 meter

Dette er avstanden vi vel når vi skal vere saman med og kommunisere med venner, slekt og kjende.

Den intime sona på 0–0,5 meter

Så nær som dette vil dei fleste berre sleppe eit fåtal menneske, gjerne kjæraste, nære venner, foreldre og sysken. I yrkesutøvinga vil likevel fleire av dykk kome så nær brukarane dykkar.

Den fjerde sona

Ved talar, føredrag og liknande kan den som pratar, ha ein avstand på over 3 meter. Dette kallar vi ofte for den offentlege sona.

Soner for kommunikasjon

Denne soneinndelinga er ei inndeling som passar for mange, men slett ikkje for alle. Vi ser mellom anna at

  • barn kan setje seg i fanget til ein framand og fortelje om kva som skjedde i dag
  • sjuke eller funksjonshemma som treng hjelp til personleg hygiene, ven seg til at andre kjem tett innpå dei
  • sjuke personar kan like at helsefagarbeidaren eller andre set seg ned og held dei i handa
Pleiar snakkar med bebuar og stryk ho på kinnet. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Soner for kommunikasjon ser ikkje ut til å vere dei same i alle kulturar, og i den norske kulturen ser dette ut til å endre seg. For ti år sidan var det etter måten uvanleg å klemme venner og ukjende, spesielt for vaksne menn. I dag er det å klemme kvarandre på veg til å bli ein vanleg måte å helse på. Vi slepp då andre menneske tettare inn på oss.

Å vere profesjonell yrkesutøvar

Det kan vere vanskeleg å vite kor nær ein skal vere ein brukar. Det er fleire tilhøve du må ta omsyn til. Du må kunne vurdere situasjonen – kva for avstand er naturleg?

Døme:

Vanlegvis klemmer ein ikkje foreldre i barnehagen, men dersom ein far græt fordi han har fått melding om noko trist, kan det likevel vere naturleg å gjere det.

Du må òg kunne lese kroppsspråket til den personen du har framfor deg. Dei aller fleste signaliserer på ein eller annan måte at du kjem for nær, dersom dei opplever det som ubehageleg.

Utfordringar til deg:

  1. Lag ei teikning som viser deg sjølv omkransa av personar du kjenner. Kva for avstand vil du helst ha til personane når du kommuniserer med dei?
  2. Kvar set du deg når du reiser aleine med buss eller tog?
    Diskuter i klassen kvifor de set dykk slik.
  3. Grei ut om dei tre sonene for nærleik.
  4. Ta utgangspunkt i teikninga over og skriv ein fagtekst om soner.

Relatert innhald

Huda er det største sanseorganet vi har. Når nokon tek på oss, får vi stadfesting på at vi eksisterer.

CC BY-NC-SASkrive av Guri Bente Hårberg.
Sist fagleg oppdatert 20.11.2019

Læringsressursar

Kommunikasjonsprosessen