Hopp til innhald

Fagstoff

Verbal kommunikasjon

Kommunikasjon kan gå føre seg med ord eller utan ord. Vi snakkar derfor om verbal og ikkje-verbal kommunikasjon. Her skal vi sjå på verbal kommunikasjon, det vil seie bruk av talespråket eller skriftspråket.
Personar med ulike elektroniske medium. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Kommunikasjon med ord

Vi kommuniserer med ord når vi pratar, når vi sender brev, når vi bruker sosiale medier, når vi les, eller når vi pratar i telefonen. Verbal kommunikasjon kan vere både einvegskommunikasjon og tovegskommunikasjon.

Språk

Språk kan vere svært forskjellige, til og med innanfor eitt og same land. I vårt land kan dei fleste nordmenn til dømes ikkje snakke nordsamisk. Ein som kan nordsamisk, vil ikkje forstå sørsamisk utan å ha lært dette språket. Nokre dialektar kan vere vanskelege å forstå for folk som kjem frå andre delar av landet.

Språk blir påverka av kva for utdanning og kva for yrke du har. Dette gjer at fagspråket i enkelte yrke kan vere vanskeleg å forstå for andre. Når du er fagarbeidar og snakkar med brukarane eller kunder, er det alltid eit prinsipp at du skal bruke eit språk som er forståeleg for mottakarane. Du skal i tillegg forvisse deg om at den andre har forstått det du seier.

Helsefagarbeidar diskuterer med pårørande. Foto.

Alder påverkar òg språket, og det vil ikkje vere naturleg at ein helsefagarbeidar bruker det same språket når ho er på jobb på sjukeheimen, som det ho bruker når ho er ute med vennene sine. Du må vere klar over at nokre av dei orda du bruker dagleg, kan vere framande for eldre menneske.

Ein del brukarar du vil møte, kjem frå andre nasjonar og har ikkje rokke å lære seg det norske språket godt nok til å få med seg alle opplysningane eller detaljane i ein samtale. Her må du ta deg god tid og skaffe tolk dersom det er nødvendig.

Å vere profesjonell

Som yrkesutøvar blir det forventa noko av språket ditt. Å banne og baksnakke andre verkar lite profesjonelt og vil på dei fleste arbeidsplassar ikkje bli akseptert. Du skal òg kunne faguttrykk, slik at du kan halde deg fagleg oppdatert og forstå orienteringar og opplæring som blir gitt. Du bør òg kunne argumentere for det du meiner er riktig.

Handverkarar ser på planteikningar. Foto
Opne bilete i eit nytt vindauge

Utfordringar til deg:

  1. Kva er verbal kommunikasjon?
  2. Set opp ei liste med reglar for korleis du meiner ein yrkesutøvar innanfor helse-, sosial- og omsorgssektoren bør utøve verbal kommunikasjon.
CC BY-NC-SASkrive av Kjell Arne Standal og Guri Bente Hårberg.
Sist fagleg oppdatert 02.03.2020

Læringsressursar

Kommunikasjonsprosessen