Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Kva betyr kommunikasjon?

Ordet kommunikasjon kjem av det latinske ordet communicare, som tyder "å gjere felles". Vi kan seie at kommunikasjon er det som gjer det mogleg for oss å dele tankar, kjensler og meiningar med kvarandre, det bind menneske saman.
Ungdommar i uformell samtale. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Kunnskap om og ferdigheiter i kommunikasjon er viktig for alle som skal arbeide med menneske.

Oppgåver

Kommunikasjon handlar om ulike tema: Kommunikasjonsprosessen, soner for nærleik, roller, sosial kompetanse, grupper, rettleiing og konflikthandtering.

  1. Lag eit tankekart for kvart av temaa. Kva har du lært om desse temaa på ungdomsskulen?
    Ta fram tankekarta når du er ferdig med å jobbe med temaa. Kva har du lært?
  2. Kva for kompetansemål i læreplanen din seier at du skal lære noko om dette fagstoffet?
  3. Diskuter og lag ein plan for korleis du vil jobbe med desse temaa. Du kan lage ein plan saman med klassen, eller ein eigen plan for deg sjølv.
  4. Lag ein tekst eller eit rollespel ut frå eitt eller fleire av temaa.

Kjelde

Fremmedordboka. Kommuniksjon. Henta 19. mars 2020 frå https://fremmedord.org/hva-betyr/kommunikasjon/.

CC BY-NC-SASkrive av Trine Merethe Paulsen og Guri Bente Hårberg.
Sist fagleg oppdatert 04.03.2020

Læringsressursar

Kommunikasjonsprosessen