Hopp til innhald

Fagstoff

Vi kommuniserer med huda

Hudkontakt og berøring er ein føresetnad for danninga av sosiale relasjonar. I denne filmen kan du lære om korleis positiv berøring påverkar helsa vår og velværet vårt.
Ei barnehand over handa til ein vaksen. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Huda er det største sanseorganet vi har. Når nokon tek på oss, får vi stadfesting på at vi eksisterer. Følesansen er den første sansen som blir utvikla i fødselsprosessen, og den siste som forlèt oss når vi døyr. Hudkontakt og berøring er ein føresetnad for danninga av sosiale relasjonar. Positiv berøring betyr mykje for helsa vår og for at vi skal trivast og ha det bra. For nyfødde er berøring like viktig som mat og drikke!

Denne filmen er aktuell i samband med mange av kompetansemåla i læreplanen. Sjå filmen og jobb med oppgåvene.

Fysisk berøring er også eit krevjande område for den som arbeider med menneske. Direkte berøring går føre seg i den intime sona vår. Så nært slepper dei fleste av oss berre eit fåtal menneske. Fysisk berøring blir også opplevd svært ulikt frå menneske til menneske.

Oppgåver

  1. Filmen innleier med to påstandar:
    «Huda er det største sanseorganet vårt.»
    «Følesansen er den første som blir utvikla, og den siste som forlèt oss når vi døyr.»
    • Kor mange sansar har vi?
    • Kva for nokre andre sanseorgan kjenner du til?
  2. Kva betyr det at huda er eit kommunikasjonssystem?
    Set opp ei liste med ulike måtar å kommunisere på.
  3. Sjå filmen ein gong til. Kva seier dei ulike fagpersonane om kva som skjer med menneske når dei blir tekne på?
  4. Kva er ein «touch-kultur» og ein «non-touch-kultur»?
    Kva har denne kunnskapen å seie for deg som framtidig fagarbeidar?
  5. Finn ut meir om kva forhold ein har til fysisk nærleik i ulike kulturar. De kan bruke internett, bøker eller filmar. Spør bibliotekaren om hjelp. De kan også intervjue menneske med ulik kulturell tilknyting.
    Lag ein presentasjon med det de finn ut. Ver nøye med kjeldekritikk og personvern!
  6. Les fagstoffet om soner. Set opp ei liste der du nemner omsyn du må vere særleg merksam på når du som fagarbeidar kjem i fysisk nærleik med brukarane dine.
  7. I filmen blir uttrykka positiv berøring og dårlig berøring brukte. Kva tenkjer du når du høyrer desse uttrykka?
  8. Diskuter i klassen: Nokre menneske, det kan vere både vaksne og barn, seier at dei ikkje liker at nokon tek på dei. Kva kan vere årsaka til dette, og korleis skal fagarbeidaren møte det?
  9. Les kompetansemåla og lag eit tankekart for kvart mål der du viser korleis kunnskap om nærleik og berøring heng saman med det aktuelle målet.

Relatert innhald

For å kunne kommunisere på ein måte som fremjar tryggleik og tillit, bør du kjenne dei uskrivne reglane for kommunikasjon og tolke tilbakemeldingar du får.

CC BY-SASkrive av Trine Merethe Paulsen.
Sist fagleg oppdatert 15.11.2018

Læringsressursar

Kommunikasjonsprosessen