Hopp til innhald
Fagartikkel

Einvegs- og tovegskommunikasjon

I ein kommunikasjonssituasjon er det nokon som sender informasjonen, og nokon som tek imot han. Dersom informasjonen flyt berre den eine vegen, frå sendar til mottakar, seier vi at vi har med einvegskommunikasjon å gjere.

Viss det er mogleg for mottakaren å stille spørsmål eller på andre måtar sende informasjon tilbake, seier vi at vi har tovegskommunikasjon.

Einvegskommunikasjon

I situasjonar med einvegskommunikasjon har vi ein aktiv sendar og ein passiv mottakar. Fordelen med einvegskommunikasjon er at informasjonen raskt kan nå ut til mange utan avbrot. Den største ulempa er at mottakaren ikkje får høve til å spørje om ting han lurer på. Det kan føre til at bodskapen ikkje blir forstått.

Einvegskommunikasjon skjer gjennom aviser, tv, video, talar og kommandoar. Tidlegare var aviser og tv utelukkande einvegskommunikasjon. I dag ser vi at nettaviser i større grad lèt lesarane stille spørsmål og kommentere, og mange tv-program gir deg og meg høve til å ringje inn eller sende meldingar som kjem på skjermen.

Yrkesutøvarar i helse-, sosial- og oppvekstsektoren bruker i liten grad einvegskommunikasjon. Det er vanlegvis ikkje einvegskommunikasjon sjølv om du kommuniserer med brukarane utan språk, fordi brukaren vil gi tilbakemeldingar ved hjelp av kroppsspråket.

Tovegskommunikasjon

Det som kjenneteiknar tovegskommunikasjon, er ein aktiv sendar og ein aktiv mottakar. I tovegskommunikasjon vekslar deltakarane på rollene som sendar og mottakar. Fordelen med tovegskommunikasjon er at det er mogleg å oppklare misforståingar og komme fram til ei felles forståing.

Når du som fagarbeidar ønskjer tovegskommunikasjon, bør du sørgje for å

  • gi rom for tilbakemeldinger
  • ta omsyn til forventingane du og mottakarane har til situasjonen
  • skape felles forståing for situasjonen
  • vere merksam på både verbalt og ikkje-verbalt språk

Utfordringar til deg:

  1. Tenk deg ein situasjon der du sjølv er sendar – til dømes i ein garderobe der nokre barn held på å kle på seg for å gå ut. Korleis kan du sørgje for at det blir tovegskommunikasjon om til dømes kva slags klede desse barna bør velje å ta på seg?
  2. Lag ei oversikt som viser fordelar og ulemper med einvegs- og tovegskommunikasjon.